Tett kontakt med læraren motiverer elevane

Elevane legg svært stor vekt på det menneskelege møtet med læraren. Foto: Therese Borge

Ein nær relasjon til læraren og variert undervisning. Det er noko av det som motiverer elevane mest, viser ei ny svensk avhandling.

Publisert 11.01.2017 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

Kva motiverer elevar, og kva får dei til å prestere? Jan Blomgren ved Göteborgs universitet har spurt 200 elevar på 9. trinn i arbeidet med doktorgradsavhandlinga «Den svårfångade motivationen. Elever i en digitaliserad lärmiljö». 

Blomgren har ikkje rangert svara, men han har funne nokre tydelege mønster:

– På ulike måtar seier elevane at det viktigaste er variasjon i undervisninga, ein tett og nær relasjon med læraren, at oppgåvene blir opplevde som meiningsfulle, og at dei har eit visst spelerom for sine eigne val, avgjerder og personlege mål, seier Blomgren til Utdanningsforbundet. 

Relasjonen til læraren

 Blomgren skulle i utgangspunktet undersøkje kva innverknad det hadde at kvar elev hadde sin eigen datamaskin. 

– Digitale ressursar er viktige og hjelper elevane, men ingenting kan erstatte den personlege samtalen med læraren. Dei treng tett kontakt, og læraren må komme bort til arbeidsplassen deira, seier Blomberg. 

Han vart overraska over at elevane snakka med slik sterk kraft om kor viktig det er med tett og nær relasjon til læraren. 

– Dei legg utruleg stor vekt på det menneskelege møtet – det som ikkje er så lett å måle, men som spelar utruleg stor rolle for at dei skal få gode karakterar eller resultat seinare. 

Behov for fleire lærarar 

1. nestleiaren i utdanningsforbundet, Terje Skyvulstad, er på ingen måte overraska over at elevane legg så stor vekt på relasjonen til læraren. Han meiner dette understrekar behovet for ei minstenorm for lærartettleik:

– Ein lærar må få snakke ordentleg med elevane sine og ha tid til å følgje dei opp på ein god måte. For å få det til, må det gå ei grense for kor mange elevar ho skal ha ansvar for, seier Skyvulstad og held fram: 

– Vi må ha ei minstenorm for lærartettleik, slik at vi får sett ein stoppar for dei store klassane. 

Konstruktiv kritikk 

Blomgren meiner alle elevar burde få høve til å ha ein avslutningssamtale før dei går ut av ungdomsskulen, for dei har så mykje klokt å seie om røynslene sine. I avhandlinga hans fremjar dei både kritikk i form av misnøye og konstruktiv kritikk om kva dei ønskjer seg. 

– Dei ønskjer å ta ansvar sjølv. Dei blir frustrerte når det blir umogleg fordi dei plutseleg druknar i oppgåver fordi lærarane ikkje har samkøyrt seg og planlagt godt nok, seier han.  

Når elevane skulle beskrive den verkeleg gode læraren, var dei opptekne av at læraren må vere både fagleg sterk og ha sosial kompetanse og vise kjensler og engasjement.