Kvinner må ikkje bli pensjons-taparane

Portrett av sentralstyremedlem, Ann Mari Milo Lorentzen
– Like rettar for alle er ikkje sjølvsagt. Vi må kjempe for likestilling kvar einaste dag, seier likestillingsleiaren i Utdnningsforbundet. Foto: Tom-Egil Jensen

Nye pensjonsordningar gjer at kvinner kjem dårlegare ut enn menn. – Slik kan vi ikkje ha det, seier Utdanningsforbundets Ann Mari Milo Lorentzen.

Publisert 08.03.2017 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

På 8. mars vel Utdanningsforbundet å setje fokus på ulikskapen i framtidas pensjonar mellom menn og kvinner.

Kjønnsdelt arbeidsmarknad
I Noreg er vi nesten like mange kvinner som menn som har lønna arbeid. Samstundes kjem kvinnene dårlegare ut økonomisk enn menn medan dei er i yrke, men òg etterpå. Grunnen til det er at vi har ein kjønnsdelt arbeidsmarknad med konsekvensar for lønn og pensjonsopptening. Fleire kvinner jobbar innan sektorar som er dårlegare lønna enn dei menn jobbar i. Kvinner er til dømes i fleirtal i helse- og omsorgs- og i utdanningssektoren, særleg i barnehagen og på lågare trinn i utdanningssektoren.

Pensjoneringsmønsteret for kvinner syner at:

  • Dei går av tidlegare enn menn
  • Dei jobbar meir deltid 
  • Dei har lågare lønn
  • Dei har fleire permisjonar og ulønt fråvær
  • Dei arbeider meir mellombels enn menn

Pensjonssystemet vårt er i endring. I dagens pensjonssystem er kortare oppteningstid og deltid langt på veg kompensert for gjennom såkalla samordningsfordelar, men i det nye pensjonssystemet er dette førebels ikkje tatt omsyn til.

Nye pensjonsregler råkar kvinner
– Nye pensjonsregler som ikkje gir pensjonsopptening for slike situasjonar råkar difor kvinner hardare enn menn, seier Milo Lorentzen, sentralstyremedlem og leiar for Likestillings- og diskrimineringsutvalet i Utdanningsforbundet.

– Eg er uroa. Det skal ikkje vere slik at unge kvinner i dag får ei negativ overrasking når dei vert eldre. Får vi ei omlegging til at alle år i lønna arbeid skal telje like mykje vil det innebere ei omfordeling frå kvinner til menn samanlikna med alderspensjonen i tenestepensjonen slik den er i dag. Som arbeidstakarpart må vi passe på at det ikkje skjer, seier Milo Lorentzen.

Pensjonsrettar har vore diskutert nokre år, og den siste tida har Utdanningsforbundet forhandla fram nye former for opptening innanfor nokre medlemsgrupper. Det har vore viktig for forbundet å forhandle fram kompensasjon, som sikrar kvinner ein god pensjon i framtida.

Må kjempe kvar dag
– Like rettar for alle er ikkje sjølvsagt. Vi må kjempe for likestilling kvar einaste dag. Når kvinner tener mindre enn menn, er det ein del av ulikskapen i samfunnet vårt som skjer frå vogge til grav. Det trengst å ha merksemd på likestilling allereie frå barna er små. Som lærarar må vi starte med barna i barnehagen og i skulen, meiner Milo Lorentzen.

Dei siste åra har det kome endringar i arbeidsmiljølova som utvidar høvet til å nytte mellombels tilsetting. Dette råkar særleg kvinner.

Ny likestillingslov
– Vi meiner og det er grunnlag for å vere uroa over forslaget til ny likestillingslov når rettane til kvinner ikkje lenger skal ha eit særleg vern. Vi trur dette kan føre til tilbakeslag for likestillinga, slik vi ser i fleire andre land no. Mykje står på spel, seier Milo Lorentzen.

Leiaren for likestillingsarbeidet i Utdanningsforbundet ønskjer å gratulere alle med 8.mars:

– Eg vil oppmode alle til å markere den internasjonale kvinnedagen, 8. mars. Vi i Utdanningsforbundet skal fortsette å kjempe for rettferd og likestilling mellom kjønna, lover Milo Lorentzen.