Forlenger samarbeide med Amnesty

Portrett av en smilende  Steffen Handal, leder i Utdanningsforbundet.
– Fagforeiningsretten og retten til utdanning er under åtak i fleire land. Difor er samarbeide med Amnesty viktig for Utdanningsforbundet , seier leiar Steffen Handal. Foto: Stig Weston

Utdanningsforbundet har no forlenga samarbeidsavtala med Amnesty Norge.

Publisert 16.06.2017

Utdanningsforbundet bidreg ikkje med pengar gjennom sjølve avtala, men forbundet er «støttespelar» til Amnesty sitt arbeid og i den samanhengen bidreg vi med kr. 50.000 i året. Utdanningsforbundet har tidlegare arrangert konferanse om menneskerettar der våre medlemmar kan delta. Det skal vi og gjere våren 2018.

Farleg kvardag

I mange land er det farleg å vere lærar eller fagforeiningsrepresentant –sjikane, forfølging, fengsling eller i verste fall drap er realiteten i fleire land der Utdanningsforbundet har samarbeid.
Utdanningsforbundet sitt arbeide byggjer på menneskerettserklæringa, konvensjonane om rettane til barn og kvinner og på ILO-konvensjonane. Åtak på desse grunnleggjande rettane er åtak på sentrale element i eit demokratisk samfunn. Dette må aktivt motverkast og er bakgrunnen for vidareføringa av samarbeidet med Amnesty Norge.

Uakseptable angrep

– Menneskerettane er grunnleggande for den profesjonelle yrkesutøvinga til lærarane og for Utdanningsforbundet si rolle som samfunnsaktør, seier Handal. Han understrekar at angrep på desse rettane er uakseptabelt og må opphøyra straks.

Arbeidet med å fremje menneskerettane og grunnverdiane demokrati, likeverd og solidaritet er viktige fellesnemnarar for det årelange samarbeidet mellom Amnesty Norge og Utdanningsforbundet.

— Vi held fram med å ha eit særskilt søkelys på fagforeiningsretten, retten til utdanning og retten til å ytre seg, seier Handal. Han oppmodar vidare medlemmar og tillitsvalde i Utdanningsforbundet til å engasjere seg i ulike kampanjar for å få sett fri fengsla lærarar, fagforeiningsrepresentantar og andre.

Amnesty kurs

Utdanningsforbundet vil forsette å forsvare og profilere menneskerettane nasjonalt og internasjonalt. Saman med Amnesty Norge driv Utdanningsforbundet og påverknadsarbeid opp mot norske styresmakter. Samarbeidet er knytt opp mot EI sitt samarbeid med Amnesty på internasjonalt nivå. Fylkeslag, lokallag og klubblag kan nytte Amnesty Norge til kurs og opplæring kring spørsmål knytt til menneskerettar. Du kan sende e-post til seniorrådgjevar Rune Fimreite om du ønskjer samarbeid med Amnesty: Rune.Fimreite@utdanningsforbundet.no


Utdanningsforbundet har hatt eit samarbeide med Amnesty i seks år no, medan denne avtala vil gå ut inneverande landsmøteperiode (2019).