Foreldre etterspør kompetanse i barnehagen

Kvinnelig barnehagelærer sitter sammen med to barnehagebarn ved et bord.
Foreldra har vorte meir opptekne av kompetansen hos dei tilsette. Foto: UDF.

Ein gjennomgang av foreldreundersøkingane viser at foreldra til dei minste barna i barnehagen har vorte meir opptekne av kompetansen hos dei tilsette.

Publisert 09.11.2017 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

Klar auke i kva foreldre etterspør

Foreldra har alltid vore, og er framleis, svært nøgde med barnehagen. Men tala viser tydeleg at foreldra dei siste åra ser på kompetansen hos personalet som viktigare enn tidlegare.

– Foreldre legg heilt klart meir vekt på utdanning og kompetanse hos dei tilsette enn før. I 2004 meinte 41 prosent at det var viktig at dei tilsette hadde pedagogisk utdanning. I 2014 hadde dette auka til 65 prosent, seier forskar Lars Gulbrandsen ved NOVA.

Gulbrandsen har samanlikna svara frå foreldreundersøkingane TNS Gallup har gjennomført dei siste 20 åra. I utforminga av spørsmåla har han sett på det som ein har spurt foreldre om i tidlegare undersøkingar, for å kunne sjå svara i eit større perspektiv.

Nestleiar i Utdanningsforbundet, Hege Valås, seier det er gledeleg og naturleg at foreldra no spør meir etter kompetanse i barnehagen sidan barnehagetilbodet er godt utbygd.

– Det er også i tråd med det Utdanningsforbundet meiner eit godt barnehagetilbod skal vere. Det trengst ein solid lærarstand også for barna i barnehagen. Det er trass alt starten på utdanningsløpet til barna. Det er bra at foreldra har fått augo meir opp for dette, noko også fleire politikarar etter kvart har fått, seier ho.

Utdanningsforbundet meiner det bør lovfestast ei barnehagelærarnorm på minst 50 prosent. Sjå meir om det her

Skuleførebuing ikkje viktigast

Undersøkinga viser også at foreldra ikkje synest det er dei skuleførebuande aktivitetane som er det viktigaste i barnehagen.

– I den grad det er eit press mot barnehagane til å drive meir med skuleførebuande aktivitetar, så kjem ikkje dette presset frå foreldra. At barna i barnehagen skal lære noko som førebuing til skulen, kjem langt ned på foreldra si liste over kva som er viktig i barnehagen, seier Gulbrandsen.

Hege Valås meiner barnehagen i seg sjølv er skuleførebuande:

– Den omsorga barn får i barnehagen, og det sosiale grunnlaget barnehagen gir for leik og venskap hos barn, er i seg sjølv viktig for barnet si vidare utvikling og læring. Slik sett er det ingen motsetnad mellom det at barnehagen er eit tilbod som er godt og verdfullt for barnet her og no, og at han samstundes eit tilbod som gir barnet eit godt utgangspunkt for skulegangen, seier ho.

Det som framleis er aller viktigast for foreldra, er at barnet får omsorg og tryggleik frå dei vaksne, at barnet får leike med andre barn, og at barnet lærer seg å vere saman med andre menneske.

 

Fakta:

  • Lars Gulbrandsen ved Norsk institutt for forskning om oppvekst, velferd og aldring (NOVA), har fått TNS Gallup til å gjennomføre ei foreldreundersøking som rettar seg mot foreldre til barn under 3 år.
  • Undersøkinga er ein del av forskingsprosjektet «Blikk for barn», som igjen har eit tett samarbeid med GoBaN-prosjektet. Gulbrandsen har samanlikna svara frå foreldreundersøkingane dei siste 20 åra.
  • I utforminga av spørsmåla har han sett på kva ein har spurt foreldre om i tidlegare undersøkingar, for å kunne sjå svara i eit større perspektiv.

Sitert

Hege Valås

2. nestleder