Folk vil ha fleire lærarar

SV-leiar Audun Lysbakken frå ein debatt om lærarrolla under Arendalsveka i 2016. Foto: Sol Nodeland

SV har føretatt ei meiningsmåling som syner eit fleirtal for større lærartettleik, skriv Klassekampen 18.05.

Publisert 18.05.2017

Ipsos har, på oppdrag frå SV, stilt 933 nordmenn spørsmålet «Hvilket av disse to tiltakene mener du vil være best for å øke kvaliteten i skolen?». 61 prosent meiner at fleire lærarar per elev er viktigast. Berre 36 prosent meiner «styrke kompetansen» er den viktigaste jobben.

For lite tid til kvar elev

– Fleirtalet er samde med oss. Høgre meiner det er for dårleg kvalitet på norske lærarar, medan vi meiner hovudutfordringa er for lite tid til kvar elev, seier Lysbakken til Klassekampen.

Undersøkinga viser jo slik sett òg at veljarane er mindre opptekne av etterutdanning av lærarane – som også er SV-politikk.

– Likevel meiner eg dette er ein test på kor skoa trykkjer, seier SV-leiaren.

Kamp mot velferdprofitørar

Eit anna spørsmål frå undersøkinga var om såkalla velferdsprofitørar som mellom anna driv barnehagar. Undersøkinga syner at 51 prosent meiner det er gale at ein kan ta ut utbyte på velferd, medan 26 prosent meiner det er rett.

– Dette er vårt kanskje mest kontroversielle krav, seier Lysbakken.

Det er berre i veljargruppene til Høgre og Frp at det er fleirtal for utbyte, men Ap vedtok heller ikkje noko utbyteforbod på landsmøtet, slik LO-kongressen vedtok.

– Tala viser at det er eit overveldande fleirtal, 64 mot 17 prosent, som vil ha utbyteforbod og hos Ap-veljarane, seier Lysbakken.

Les heile saka i Klassekampen

Fakta

Målinga:
• Målinga er laga av Ipsos MMI for SV.
• Ho blei gjennomført i perioden 24. til 26.april og har 933 respondentar.
• Spørsmåla som blei stilt, var mellom anna:
• «Hvilket av disse to tiltakene mener du vil være best for å øke kvaliteten i skolen? Flere lærere per elev/Styrke kompetansen til lærere.»
• «I dag har eiere av virksomheter som driver velferdstjenester som barnehage, barnevern og asylmottak anledning til å ta ut utbytte selv om inntektene kommer fra det offentlige eller brukere som kjøper tjenestene. Mener du det er riktig eller galt at eiere av virksomheter som driver velferdstjenester kan ta ut utbytte, eller er du ikke opptatt av dette?»