– Elevstemma må betre fram

– Det er elevane som er ekspertar på opplæringa si, og det er dei som veit kva som fungerer, seier Ann Oline Vuttudal, undervisningsinspektør ved Grøtte skole i Orkdal. Foto: Lisbet Strickert

– Skuleleiarar har ei viktig rolle med å leie og leggje til rette for å få fram elevstemma, seier Ann Oline Vuttudal, etter å ha høyrt elevar fortelje kva dei meiner er god utdanning. Til dette treng skuleleiarane betre tid til fagleg og pedagogisk leiing.

Publisert 26.10.2017 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

Ho var ein av 14 deltakarar frå Noreg på eit seminar på Island, der både skuleleiarar, lærarar, noverande og tidlegare elevar i vidaregåande opplæring, samt representantar frå lærarorganisasjonar og skulemyndigheiter frå Noreg, Island, Finland og Canada var samla. Forskarar frå USA, Australia og Noreg var og til stades.

– Formålet med samlinga var å gje tidlegare elevar ein sjanse til å melde tilbake til skuleleiarar og interesseaktørar i utdanningssektoren om kva dei opplever er ei god utdanning. For meg var det lærerikt å høyre kva dei tidlegare studentane hadde å fortelje, seier Vuttudal, som er undervisningsinspektør ved Grøtte skole i Orkdal.

Ekspertar på eigen opplæring

Alle deltakarane på samlinga har vore involvert eller engasjert i internasjonale partnarskap og skuleutvikling.

– Deltakinga i internasjonale prosjekt har betydd mykje for desse elevane, ikkje berre fagleg, men også som menneske. Dei trakk særleg fram at det er viktig for alle elevar å få sagt kva dei meiner. Det er elevane som er ekspertar på opplæringa si, og det er dei som veit kva som fungerer. Her har vi som skuleleiarar ein viktig jobb, nemleg å sørgje for at elevstemma kjem fram og at ho blir brukt til å utvikle skulen, seier Vuttudal.

Ho meiner at dette også handlar om skuleleiarane sitt høve til å drive fagleg og pedagogisk leiing.

 

For elevane handla ikkje utdanninga berre om å forstå faga, men også å lære å forstå seg sjølv, og si eiga rolle som aktiv samfunnsaktør, at dei kan gjere ein skilnad. Ann Oline Vuttudal, undervisningsinspektør

 

Inspirasjon til å utvikle praksis

Ein av dei tidlegare elevane frå Noreg som deltok i samlinga var Kristoffer Hansen, tidlegare leiar av Elevorganisasjonen. Han meiner vi har enormt mykje å lære av kvarandre, både elevar, lærarar og leiarar, og på tvers av landegrensene.

– Nettverk som dette gir høve til erfaringsutveksling og utvikling på ein heilt unik måte. Det gir norske elevar, lærarar og leiarar viktige dugleikar og røynsler som inspirerer til å utvikle eigen praksis, seier Hansen, og fortset:

– Å samarbeide på tvers av landegrenser bidreg til å sjå sin eigen skule og kultur i eit nytt perspektiv, noko som det er umogleg ikkje å tenkje over. Det er denne kritiske refleksjonen som gjer at vi kan ta kontroll over utviklinga av skulen.

Det breie samfunnsmandatet

Dei globale utdanningspolitiske tendensane det siste tiåret har vore ei auka grad av testing, standardisering, dokumentering og innsamling av «store data» for å få kontroll over kvalitetsutviklinga. Ein større grad av nasjonal testing og internasjonal samanlikning legg og føringar for norsk utdanningspolitikk, og kva som blir lagt vekt på i norske skular.

– Elevane utfordra dei andre deltakarane på i større grad å halde søkjelyset på det breie samfunnsmandatet i utdanninga, og ikkje berre resultat av testar. For dei handla ikkje utdanninga berre om å forstå faga, men også å lære å forstå seg sjølv, og si eiga rolle som aktiv samfunnsaktør, at dei kan gjere ein skilnad, seier Ann Oline Vuttudal.

Deltakarane på seminaret på Island var skuleleiarar, lærarar, noverande og tidlegare elevar i vidaregåande opplæring, samt representantar frå lærarorganisasjonar og skulemyndigheiter frå Noreg, Island, Finland og Canada var samla. Forskarar frå USA, Australia og Noreg var og til stades. Foto: More than your evidence - Reykjavik