Saman for betre barnehagar

Dei europeiske lærarorganisasjonane (ETUCE) har gått saman om eit initiativ som vil sette barnehage høgare på dagsordenen i Europa.

Dei europeiske lærarorganisasjonane har vore samla til kongress i Beograd denne veka. Her har Utdanningsforbundet, saman med Lärarforbundet frå Sverige og BUPL frå Danmark, fremma eit initiativ om å sette barnehage høgare på dagsordenen innanfor ETUCE spesielt og i europeisk utdanningspolitikk generelt.

Barnehageinitiativet blei teke svært godt imot på kongressen. Representantar frå ei rekke land held støtteinnlegg. Deretter sendte kongressen initiativet over til styret i organisasjonen. ETUCE-president Christine Blower frå Storbritannia rosa initiativet og forsikra at styret vil arbeide med konkrete tiltak for å sikre meir erfaringsutveksling og betre samarbeid om barnehagepolitikk mellom lærarorganisasjonane i Europa.

Positivt mottaking

Nestleiar i Utdanningsforbundet, Hege Valås, og sentralstyremedlem Ann Mari Milo Lorentzen har vore til stades på kongressen. Dei er særs nøgde med at barnehageinitiativet fekk så positiv mottaking.

– Situasjonen for barn og tilsette i barnehagane er vanskeleg over heile Europa, fortel Valås.

– Massiv privatisering og forverring av lønns- og arbeidsvilkår er kvardagen mange stader. Nokre land opererer med kompetansemålsbasert pensum og storstilt testing for å måle den faglege progresjonen til små barn, medan dei tilsette mistar autonomi og nødvendig profesjonelt handlingsrom i yrkesutøvinga

Valås understrekar at situasjonen for norske barnehagebarn og barnehagelærarar er klart betre enn i dei fleste europeiske land. Men ho legg samstundes til:

– Vi må ikkje på nokon måte tru at vi er immune mot ei slik utvikling i Noreg. Kommersialisering av barnehagesektoren har vi mykje erfaring med allereie, og vi har sett tendensar til læringsutbyttetenking og innsnevring av det breie mandatet til barnehagen hos oss også. Dette er djuptgåande trendar som breier seg utover heile Europa. Derfor er det så viktig at europeiske lærarar står saman om kjempe imot og om presentere gode alternativ.

Bekymra for aukande ulikskap

Ann Mari Milo Lorentzen er einig. Ho er bekymra for aukande ulikskap og at mange land fører ein barnehagepolitikk som forsterkar denne utviklinga.

– I nokre land har gode barnehagar blitt eit luksusgode for dei velståande, medan myndigheitene nedprioriter og kutter i tilboda for familiar med vanleg eller låg inntekt. Slik blir ulikskapen sementert heilt frå starten av utdanningsløpet. Ei slik utvikling er skremmande, men viser òg at barnehagen har potensiale til å spille ein særs viktig rolle i kampen mot sosial ulikskap. Derfor er det så viktig at europeiske lærarorganisasjonar no har forplikta seg til å prioritere arbeidet med gode barnehagar for alle barn i Europa, avsluttar Milo Lorentzen.