Vi kan faktisk lese

Styrelederen i KS, Gunn-Marit Helgesen, hevdet i et innlegg i Dagbladet at Utdanningsforbundet har misforstått kravet fra KS. Les svaret fra Ragnhild Lied i dagens utgave av Dagbladet.

Styreleiaren i KS, Gunn Marit Helgesen (H), prøver i Dagbladet å overtyde lesarane om at den samla norske lærarstanden, samt ei rekkje leiarskribentar og kommentatorar i norsk presse, ikkje kan lese. Ho meiner at vi alle har misforstått det tilbodet KS framsette i forhandlingane med lærarorganisasjonane 14. januar. I tilbodet står det at "Undervisningspersonalets samlede arbeidsoppgaver utføres innanfor årsverket på 1687,5 timer fordelt på inntil 45 uker."

Når KS no påstår det ikkje er eit krav med 45 veker, så handlar det om at hovudkravet til KS er at lærarane ikkje lenger skal ha høve til å forhandle om ei forpliktande tariffavtale om arbeidstid. I staden skal dette no avgjerast lokalt med arbeidsgjevar sin styringsrett.

KS har likevel både no og tidlegare argumentert for at det er lurt å strekke arbeidsåret til lærarane for å få plass til meir kompetanseutvikling. Samstundes seier KS at det ikkje skal gå ut over tida lærarane har til for- og etterarbeid. Dette er ikkje truverdig. Berre dersom omfanget av lærarane si undervisning blir redusert tilsvarande strekkinga av arbeidsåret, går desse to påstandane i hop. Det vil i så fall koste fleire milliardar kroner.

Medan statsminister Erna Solberg i sin nyttårstale snakka om "drømmelæreren", var meir enn halvparten av norske kommunar i ferd med å avslutte ein budsjettprosess der ein nok ein gong har vedteke generelle nedskjeringar i skulen. Dersom lokale skulestyresmakter einsidig kan avgjere kor mange timar lærarane kan påleggjast å undervise, aukar faren for ytterligare nedskjeringar.

KS-leiaren meiner at i staden for å stole på sine erfaringar med kommunesektoren som arbeidsgivar og forhandlingsmotpart, bør lærarane, og alle andre, stole på deira gode hensikter. Lærarar har nærast som etisk grunnprinsipp at dei trur på menneska sine gode hensikter. Men dei er ikke naive. Gode hensikter styrer ikkje røyndomen. Både lærarar og skuleleiarar opplever stadige nedskjeringar i skulen. Vi vil ikkje bidra til å gjere dette enno enklare. Det vil vere eit tap for elevane.

Innlegget sto på trykk i Dagbladet 30. januar 2014.