Korleis skape tillit?

Det store fleirtalet av lærarane opplever mistillit frå KS, skriv Ragnhild Lied, i Aftenposten søndag.

Styreleiaren i KS Gunn Marit Helgesen skriv i Aftenposten at KS har respekt for og tillit til lærarar. Eit viktig læringsmål i skulen er å lære elevane at respekt og tillit er noko som må fortenast gjennom handling. Diverre er det slik at det store fleirtalet av lærarane opplever mistillit frå KS.

Sterkt misvisande
Å framstille forhandlingane om arbeidstid slik at organisasjonane ikkje har hatt vilje til å diskutere realitetane i saka, er sterkt misvisande, for å sei det forsiktig. Tvert om er det KS som har framsett påstandar om realitetane som er misvisande og feil. KS har mellom anna fleire gonger påstått at dagens avtale er rigid og at ein ikkje har høve til å ta omsyn til at den reelle arbeidsbelastninga knytt til ulike elevgrupper, varierer. Det er feil. Dagens avtale regulerer ressursar som kan brukast til å gi lærarar med spesielt utfordrande elevgrupper meir tid til førebuing og etterarbeid.

KS har også framstilt dagens avtale slik at lærarorganisasjonane har ein vetorett mot lokale avtalar som gjer avvik frå den sentrale. Det er feil. Usemje om slike lokale avtalar skal avgjerast av ei nemnd med nøytral oppmann dersom ikkje partane sentralt klarar å få dei lokale partane til å bli einige. KS underslår at ingen arbeidsgivarar i skulen har klaga slike lokale tvistar om arbeidstid inn for nemnda.

Når KS ivrar for at lærarane skal utføre meir av arbeidet sitt når elevane ikkje er til stades, har dei ikkje ein einaste gong på ein truverdig måte forklart korleis dette kan gjerast utan at det reduserer tida til oppgåver retta mot elevane. KS har sagt at lærarane skal kunne behalde tida til førebuing og vurdering, og at det samstundes vil bli plass til nye oppgåver innanfor årsverket. Dette er berre mogleg dersom talet på undervisningstimar i gjennomsnitt blir redusert. Noko slikt tilbod har KS ikkje framsett.

Ingen garanti for kvalitet
Det er feil når Helgesen trur at lærarane ser på dagens avtale som ein garanti for kvaliteten i skulen. Men så lenge avtalen regulerer eit maksimalt tal på undervisningstimar for den enkelte lærar, er han med på å sikre ein minimumsressurs av tid til førebuing og vurdering. KS seier dei er inspirerte av at danske lærarar gjennom eit lovdiktat blei fråtekne retten til å forhandle om bruken av arbeidstida. Men dei seier sjølvsagt klokeleg ingen ting om at danske lærarar etter dette er blitt pålagde ti prosent auke i talet på undervisningstimar, dvs. ein tilsvarande reduksjon i tida til førebuing og vurdering.

Men KS har framleis sjansen til gjennom handling å vise lærarane at dei har arbeidsgjevar sin tillit. Norske skuleleiarar disponerer allereie fem gongar så mykje av lærarane si arbeidstid utanom undervisninga som skuleleiarane i Finland. Vilkåra for leiarstyrt kvalitetsutvikling bør difor ligge godt til rette.

Innlegget sto på trykk i Aftenposten 02.02.2014