Gledelege Venstre-ambisjonar

Utdanningsforbundet er nøgd med Venstre-ønsket om å avvikle kontantstøtta og å få fleire barnehagelærarar i barnehagane.

Publisert 07.04.2014 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

Venstre hadde i helga sitt landsmøte. Der brukte partileiar Trine Skei Grande mykje tid på å prate om barnehagane. 

Vil avvikle kontantstøtteordninga

Spesielt var det den vesle gruppa born som ikkje går i barnehage som opptok Venstre-leiaren. 

- 96,6 prosent av alle tre-femåringar går i barnehage. Det er bra. Det er bra for barna. Det er bra for foreldra. Og det er bra for Noreg. Problemet - ja, og vi må vere ærlege og seie at dette er eit problem - er dei 3,4 prosent som ikkje går i barnehage.

- Det neste store barnehageløftet skal vere å sikre at barn i familiar med låg  inntekt får tilgang til eit godt barnehagetilbod. Vi kan ikkje halde oss med ordningar som i realiteten motverkar likestilling.  Derfor må vi - når vi har innført ein reell rett til barnehageplass til alle frå fylte eitt år - avvikle kontantstøtteordninga, sa Venstre-leiaren.

Det tykkjer Utdanningsforbundet er gode nyheiter. 

- Det er ei særleg god nyheit at Venstre så klårt tar avstand frå kontantstøtta. Om dei vinn fram i dette spørsmålet, betyr det at vi sluttar å betale foreldre for å halde borna vekk frå eit viktig utdanningstilbod. Det vil tene ungane, seier leiar Ragnhild Lied. 

Vil rekruttere fleire barnehagelærarar

Også satsinga Venstre ønskjer på fagutdanna personale gler Utdanningsforbundet.

- Derfor må vi bidra til auka rekruttering av utdanna barnehagelærarar og andre med relevant fagkompetanse, samtidig som alle tilsette i barnehagane må få gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning. Det er ein føresetnad for at vi i det heile tatt skal kunne vere nær å oppfylle ei bemanningsnorm. Det må vere ein prioritet på banehagefeltet i komande budsjettforhandlingar, meiner Grande.

- Skei Grande peikar på kor viktig det er å få fleire barnehagelærarar i barnehagane. Venstre har sett potensialet som ligg i alle dei lærarane som har slutta i barnehagen og arbeider i anna verksemd. Auka løn og betre moglegheit for å utvikla seg fagleg, er viktige grep. Vi vil gjerne snakke med Venstre om konkrete tiltak som kan hjelpe på dagens situasjon. Norske born får i dag ein svært ulik start på utdanninga si fordi det er så store forskjellar mellom barnehagane.