Fleire barn– færre styrarar

Frå 2009 til 2013 har det blitt 17.000 fleire barn i barnehagane og 204 færre styrarar. – Dette går i feil retning, seier Ragnhild Lied.

Publisert 04.11.2014 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

Ho opna Styrarkonferansen i Bergen 3.-4. november og er rysta over utviklinga.

– 17.000 fleire barn skulle bety 370 fleire barnehagar – om alle hadde gjennomsnittleg storleik – og dermed også 370 fleire styrarar. I staden har det blitt færre. Denne situasjonen gjer noko med innhaldet i arbeidet til både styrarar og pedagogiske leiarar. Fleire administrative oppgåver blir flytta ned til dei pedagogiske leiarane. Dette leiar til at styrarane og dei pedagogiske leiarane fjernar seg meir frå det pedagogiske arbeidet, sa Lied i si innleiing. Tala har ho henta frå Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Styrarrolla

Om lag 200 styrarar er samla i Bergen over to dagar for å høyre meir om og diskutere fleire aspekt ved styrarrolla. Utdanningsforbundet har om lag 3000 styrarmedlemer.

– Styrarens viktigaste oppgåve er å legge til rette for dei gode og utviklande møta mellom kunnskapsrikt personale og barn i utvikling. Styrarens viktigaste oppgåve er ikkje HMS-arbeid eller lønnsrapportering – sjølv om også dette må bli gjort, sa Lied og heldt fram;

– Det viktigaste er å bygge ein organisasjon og eit lag som kan støtte og utfordre små menneske. Disse små menneska skal finne glede og tryggleik her og no – men dei skal og utvikle seg mot noe – lære og erfare noko som dei har med seg i neste livsfase, sa Lied til styrarane.

Profesjonsfellesskapet

Ho meiner at dersom møta mellom pedagog og barn skal bli gode – må også barnehagelærarar bruke tid på andre arenaer enn saman med barnet. Og at styraren er ein umisseleg leiar for dette arbeidet.

– Styrar har ei viktig oppgåve i å leie profesjonsfellesskapet. Det kollektive pedagogiske arbeidet krev ein styrar som er pedagogisk leiar på toppen. Ein som kjenner kunnskapen til medarbeidarane, ein som kan leggje planar for heile verksemda, ein som kan sjå det samla kompetansebehovet og ein som veit kven som kan bidra til kva. Den kanskje viktigaste oppgåva for styraren er å peike ut ei retning. Identifisere mål – kommunisere mål – og syte for at personalet reflekterer over om dei går i retning målet. Gjer dei samveret med barna til god utdanning – eller er det praktisk arbeid og pass som vert dominerande i samhandlinga, sa Lied.

Ho avslutta med å minne om dei to anbefalingane frå Øye-utvalet, som også Utdanningsforbundet har støtta og stadig jobbar for at skal bli ein realitet, nemlig kravet om ein styrar i kvar barnehage og at minst halvparten av personalet skal vere barnehagelærarar.