Etikkplattforma feirar eittårsdag

Ragnhild Lied smiler.
Ragnhild Lied er positivt overraska over kor langt lærarar og leiarar i heile Noreg har kome i arbeidet med profesjonsetikken. Foto:Tom Egil Jensen

Den 25. oktober i fjor vedtok sentralstyret i Utdanningsforbundet den etiske plattforma for lærarprofesjonen. Det er ein godt utvikla eittåring vi feirar.

Publisert 25.10.2013 Denne artikkelen er mer enn ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon. +1år

- Vi er positivt overraska over kor langt lærarar og leiarar i heile Noreg har kome i arbeidet med profesjonsetikk og plattforma vår. Eitt år er ikkje lenge. Dette er eit utviklingsarbeid vi skal halde på med i all uoverskodeleg framtid, seier Ragnhild Lied, leiar i Utdanningsforbundet.

Etterlengta

Etikk har forbundet og alle lærarar og leiarar i skulen og barnehagen arbeidd med alltid. Fagleg og etisk kompetanse er kjernen i lærargjerninga. Det som er nytt og som gir grunn til feiring – er at med Lærarprofesjonens etiske plattform fekk lærarar og leiarar i skulen og barnehagen eit felles uttrykk for dei verdiane og det etiske ansvaret profesjonen har.

- Vi møter etiske problemstillingar i jobben kvar dag. Utfordringa no er å ta utgangspunkt i utfordingane og erfaringar, finne måtar å snakke om dei på, så vi som kollegium saman utviklar ein etisk forsvarleg praksis. No som vi har sett ord på våre grunnleggjande verdiar og det etiske ansvaret vårt ser vi at vi har klart å ta eitt steg vidare. Det er eg veldig stolt over, seier Lied, som sjølv, som så mange andre tillitsvalde i forbundet, har reist rundt det siste året og fortald om plattforma og korleis arbeidsplassane kan ta den i bruk. Ho har blitt møtt med entusiasme dei fleste stader.

- For mange har dette vore etterlengta. No må vi finne møteplassar og metodar for å gjere arbeidet med etikk til ein medviten del av kvardagen. Profesjonsetisk og fagleg utvikling er naudsynt for å skape gode vilkår for leik, læring og danning på den einskilde arbeidsplass, seier Lied.

Skolenes Landsforbund har og vedteke plattforma, og Pedagogstudentane vedtok på landsmøtet sitt at profesjonsetikk skal vere eitt av deira innsatsområder det komande året.

Forsking og råd

I tråd med landsmøtevedtaket frå 2012 har Utdanningsforbundet sentralt laga ein strategiplan for arbeidet med profesjonsetikk. I planen er det fem satsingsområdar; lærarutdanningane, leiarar, erfaringsdeling og kunnskapsutvikling, samarbeid og profesjonsetikk og politikkutvikling. I løpet av hausten skal fylkeslaga og lokallaga sjølv lage ein eigen handlingsplan basert på strategiplanen.

Samstundes arbeider Utdanningsforbundet no med å knytte til seg eit forskingsmiljø som kan gjere ei følgjeevaluering av arbeidet med å gjere plattforma kjend og å utvikle profesjonsetikken vidare. Landsmøtet 2012 vedtok òg at Utdanningsforbundet i perioden skal utreie mandat og samansetjing av eit profesjonsetisk råd. Dette arbeidet har starta.

Kva skjer?

Det er sett i gang store og små aktivitetar som handlar om profesjonsetikk. Her er eit lite utval:

LÆRARUTDANNING: Førsteamanuensis Frøydis Oma Ohnstad underviser i pedagogikk ved Høgskolen i Oslo og Akershus både på grunnskolelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga. Den profesjonsetiske plattforma er ein sentral del både i førelesningane hennar om profesjonsetikk og for studentarbeidet i seminar og grupper.

Ho bruker plattforma i etiske analysar med studentane. Dei diskuterer først innhaldet i verdiar, pliktar og ansvar med utgangspunkt i plattforma. Nokre gonger hentar studentane etiske problemstillingar frå praksisskuler og barnehagar, andre gonger arbeider dei med etiske dilemma frå andre etiske case. Oma Ohnstad seier:

- I etiske analyser er plattforma sentral, saman med etiske teoriar, lovverk, og samfunnsmandatet for lærarar. Plattforma tilfører analysane våre gode og nye dimensjonar til det å vere ein profesjonell lærar. Eg meiner plattforma er viktig for å utvikle lærarstudentanes etiske vokabular og eitt profesjonsetisk vi-medvit. Takk for at denne etiske plattforma endeleg er på plass- den var etterlengta!

FOREDRAG: I Oppegård heldt Geir Lippestad foredrag om etikk for 140 frammøtte i haust, der var lærarar, barnehagelærarar, leiarar i skulen og barnehage og andre tilsette i skule og barnehage, tilsette i barnevernet, lokalpolitikarar, samt kommunalsjefen for skule til stades. Dette sa lokallagsleiar Cathrine Von Porat etter foredraget:

- Lippestad fekk så fint fram kor viktig det er i eit kollegium, for eksempel ved eit advokatfirma, på eit sjukehus, i ein barnehage eller ein skule - å bruke tid på å bore i verdiane våre, vår forståing av dei og kva det har å seie for våre handlingar. At vi som arbeider med mennesker, må bruke tid på diskusjonar og refleksjonar om kva menneskeverd og likeverd eigentleg betyr.

IDÉHEFTE: Fylkeslaget i Rogaland har laga ressurshefte om profesjonsetikk. Dei håpar at det kan vere med på å setje i gong arbeidet med etikk på arbeidsplassane.

PILOTAR: I Oppland er fire arbeidsplassar pilotar i arbeidet med profesjonsetikk. Desse er Bismo barnehage og Skjåk ungdomsskule i Skjåk kommune, Kringsjå skole i Lillehammer kommune og Solheim barnehage i Gran kommune.

Korleis jobbar dykk med profesjonsetikk? Vi vil gjerne vite meir om arbeidet lærarar og leiarar gjer på arbeidsplassane! Del erfaringane med oss og andre, send oss ein e-post på profesjonsetikk@udf.no.