Slik jobbar vi med rådgjeving og karriererettleiing

Dette jobbar vi for på rådgjevings- og karriererettleiingsfeltet

I Utdanningsforbundet sitt overordna politikkdokument, «Vi Utdanner Norge» står det at: «Behovet for spesialpedagogisk, sosialpedagogisk og helsefaglig kompetanse i skole og barnehage er økende. Derfor trengs det en styrking av det sosialpedagogiske tilbudet på barnetrinnet og av rammene til det faglige og administrative støttesystemet, helsetjenesten og rådgivningstjenesten».

I tillegg er rådgjevingstenesta nemt i to av innsatsområdene for landsmøteperioden 2016-2019. I arbeidet for kvalitet og profesjonsutvikling skal vi:

  • arbeide for styrking av ressurser, bemanning og kompetanse i det faglige og administrative støttesystemet, helsetjenesten og rådgivningstjenesten, slik at de på et faglig uavhengig grunnlag kan bidra til å styrke opplæringen og det psykososiale miljøet i skole og barnehage.
  • fremme krav om at voksne som mottar undervisning etter introduksjonsloven og opplæringsloven, får lovfestet rett til kontaktlærer og rådgiving på linje med elever i ordinær undervisning

Utdanningsforbundet oppdaterte sin politikk på feltet i samband med høyringssinnspelet til NOU 2016:7. Det var einigheit om at vi skal vere spesielt opptatt av følgande punkt:

  • At stadleg nærvære, gjensidig tillit, kjennskap til dei som skal bli rettleia og ein låg terskel, er sentrale vilkår for god rådgjeving/karriererettleiing
  • At det heilskaplege systemet for livslang karriererettleiing må bli styrka i alle ledd, ikkje berre på nett. Det må då følgje med tilstrekkeleg med friske midlar
  • Å etablere karrieresenter i alle fylke – og å lovfeste at fylkeskommunen pliktar å gje eit tilstrekkeleg tilbod om karriererettleiing til alle over 19 år. I tillegg trengs ei lovfesting av stadleg rådgjevar i vaksenopplæringa
  • At eit eventuelt system for nettbasert rettleiing må fungere som eit supplement til andre tenester, og bli utvikla med medverknad frå praksisfeltet
  • At rådgjeving/karriererettleiing må vere godt forankra i utdanningssektoren, og at tidsressursen til rådgjeving/karriererettleiing må bli styrka gjennom friske midlar frå staten – slik at ein kan finansiere ein avtalefesta dobling i tidsressursen til rådgjeving/karriererettleiing i skulen
  • At det skal vere minst ein rådgjevar på kvar skule, og at rådgjevarar skal vere utdanna lærarar
  • At alle elevar/lærlingar bør ha ein reell tilgang til ansikt-til-ansikt- rådgjeving/rettleiing – ikkje berre dei med mest prekære behov
  • Å styrke relevante kompetansekrav og kompetanseutvikling i feltet. Ressursar til kontinuerleg etter- og vidareutdanning er viktigare enn krav om mastergrad for alle rådgjevarar/rettleiarar.
  • At kjønnsperspektivet og det fleirkulturelle perspektivet må bli styrka i rettleiinga – og at rådgjevarar og karriererettleiarar får vidareutvikla sin kompetanse på desse felta

Vi jobbar med dette på ulike måtar, mellom anna gjennom å være representert i «Nasjonalt forum for karriereveiledning» som er drifta av Kompetanse Norge. Her har vi saman med andre sentrale aktørar moglegheit til å diskutere status, samarbeid, utvikling og problemstillingar på feltet.