Lønns- og arbeidsvilkår for rådgjevarar og karriererettleiarar

Sidan det er lite nasjonale føringar og rammer for arbeidet til rådgjevarar og karriererettleiarar arbeider mange under ulike vilkår – og har ulike ressursar knytt til arbeidet sitt.

Det er opplæringslova § 9-2 og tilhøyrande forskrift §22-1, §22-2,§ 22-3 og§22-4 som regulerer arbeidsgivar si plikt til å gje elevane rådgjeving både utdanningsmessig, yrkesmessig og sosialpedagogisk rådgjeving. Forskrifta gjev ei utfyllande beskriving av dei plikter skulen har ovanfor elevane. Og det er disse pliktene som er utgangspunktet for arbeidet til rådgivaren i skolen. Opplæringslova sett ingen bestemte utdanningskrav til den som skal utføre rådgjevingstenestene, men det vil vere avgjerande for å kunne gje elevane den rådgjevinga dei har krav på at vedkommande innehar nødvendig kompetanse.

Det å fastsette nasjonale kompetansekrav og å auke rådgjevarressursane har blitt fremja i fleire politiske dokument siste tiåret, mellom anna av Karlsenutvalet (NOU 2008:18). Utdanningsforbundet meiner at det er viktig at rådgivaren i skulen har pedagogisk innsikt og har god kjennskap til elevane i det skuleslaget rådgjeving blir gitt.

Lærarar som utdannings, -og yrkesrådgjevarar og sosialpedagogiske rådgjevarar

Om det er lærarar som er rådgjevarar er disse som regel tilsett på lærarvilkår (kapittel 4), ved at dei utfører si rådgjevarteneste som ein del av si stilling. Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonale, SFS 2213 definerer både tidsressursar og funksjonstillegg for rådgjevarar, men som minimumssatsar. Arbeidsgjevar står altså fritt til å bestemme ein høgare ressurs. Det har ikkje vore store endringar i tidsressursen sidan midten av 70-tallet, utanom ei mindre justering i 2006.  Det som står som minimumsressurs i dagens SFS 2213 er: 38 årsrammetimer pr. påbegynt 25 elev + 5 % ressurs pr skole.

Meir om til ei kvar tid gjeldande satsar finner du ved å klikke her.

Lønning av lærarar som utfører rådgjevingsteneste følger bestemmingane  for lærarar i tariffavtalen basert på kompetanse og ansiennitet.

Utdannings, -og yrkesrådgivarar og sosialpedagogiske rådgjevarar tilsett på kommunale vilkår

Utdannings-, yrkesrådgjevarar-  og sosialpedagogiske rådgjevarar kan også vere tilsett på alminneleg kommunale vilkår.  For tilsette på disse vilkår gjeld ikkje bestemmingane i Arbeidstidsavtalen for undervisningspersonale, SFS 2213. Då gjeld eit normalarbeidsår som for andre kommunalt tilsette.

Lønn er her i KS-området basert på enten Hovudtariffavtalen kapittel 4 eller kapittel 5.  Om du er tilsett i stilling i kapittel 5, er du omfatta kunn av lokale lønnsforhandlingar ein gang pr. år. Rådgjevarar, tilsett i kapittel 4, blir lønna etter Hovudtariffavtalen sine bestemmingar basert på kompetanse og ansiennitet.