Rådgjevarar og karriererettleiarar har ei nøkkelrolle i heile utdanningssystemet, og dei har eit stadig aukande omfang av komplekse oppgåver å utføre. Dei jobbar innan et komplekst og samansett område som har grenseflater til ulike sektorar.
Utdanningsforbundet meiner at nasjonale kompetansekrav for dei som skal arbeide med rådgjeving/karriererettleiing, vil kunne vere med på å profesjonalisere og styrke tenesta.
Sidan det er lite nasjonale føringar og rammer for arbeidet til rådgjevarar og karriererettleiarar arbeider mange under ulike vilkår – og har ulike ressursar knytt til arbeidet sitt.