Vurderingsarbeid i barnehage

Utdanningsforbundet arbeider for at profesjonen skal ha – og ta – ansvaret for å velje metodar og arbeidsmåtar ut frå kjennskap til mandatet for barnehagen, til enkeltbarn og til barnegrupper.

Både barnehagelova og Rammeplan for innhaldet i og oppgåvene til barnehagen skal reviderast i 2017. Det er også venta revidering på området om vurdering. I samband med det jobbar Utdanningsforbundet aktivt for at barnehagelærarprofesjonen må ha – og ta – ansvaret for vurderingsarbeidet i barnehagen.

Vi vil følgje tett arbeidet med revidering av lova og rammeplanen for å sikre at vurderingsarbeidet til barnehagelærarane får gode vilkår, og at omfanget av og innrettinga på arbeidet med vurdering og dokumentasjon i barnehagen blir til beste for barna.

Utdanningsforbundet har initiert eit forskings- og utviklingsprosjekt som har til føremål å kaste lys over barnehagelærarprofesjonen sitt arbeid med språk om vurdering av utvikling og trivsel hos barn. Utviklingsarbeidet skal vere i to barnehagar, og det blir følgt av ein rettleiar og to forskarar. Det er venta ein rapport frå prosjektet hausten 2017.

I tillegg har Utdanningsforbundet utarbeidd eit debattnotat om vurderingsarbeid i barnehagen. Debattnotatet er meint som eit bidrag i debatten om korleis arbeidet best kan innrettast. Vi vonar at heftet kan vere eit utgangspunkt for felles refleksjon over eige arbeid, og føre til ein meir presis språkbruk i samtalen om kva vurderingsarbeid i barnehagen er og skal vere.