Fylkesstyret på streikebesøk

Stemningsrapport frå Slåtthaug skole i Bergen som er inne i si tredje veke med streik.

Frode Wollberg og Grete Monsen i fylkesstyret vårt har vore på streikebesøk til Slåtthaug skole i Bergen for å høyre korleis dei streikande opplever ein annan kvardag enn den dei er vande med.

Vi valte oss ut Slåtthaug skole fordi den er ein av dei to grunnskulane i Bergen som er i streik. For lærarane på Slåtthaug starta streiken 22.august, så dei er kjende med dei nye daglege rutinane.

Dagen vi var på besøk, var ein av mange streikedagar i strålande solskinn og streikevaktene koste seg i haustsola.

Vi snakket med Camilla Anthonissen som er ei av dei streikande lærarane på vakt. Vi fekk lov til å stille henne nokre spørsmål.

Korleis opplever du streikekvardagen?

«Eg har oppgåver kvar einaste dag saman med kollegaene mine. Vi har streikekafe, vi går på tur og vi spelar volleyball med lag frå andre skuler. Streikefellesskapen er viktig for å skape samhald oss streikande i mellom.»

Ho seiar vidare at «helst ville eg vore i klasserommet saman med elevane mine, eg synes det er hardt å ikkje få sjå dei kvar dag slik at eg veit at dei har det bra. Her på skulen er andre lærarar i arbeid og eg veit at dei har skule nokre dagar i veka.»

Vi spør om dei får mange reaksjonar frå forbipasserande, men skulen ligg skjerma til og dei får ikkje mykje besøk. Men ei positiv oppleving delar ho med oss.

«Mannen min, som arbeider i ei IT-bedrift, ringte meg en dag  no i streiken og kunne fortelje at alle hans kollegaer støtta oss i streiken. Det varma godt at dei i ei privat verksemd støttar oss. Og blant venane mine er eg den som har lengst utdanning, men lågast løn. Det visste dei ikkje.»

Vi snakkar vidare og kjem inn på det som alle lurer på – kva vil vi oppnå med denne streiken?

Camilla er særs reflektert, meiner vi, når ho svarar at ho ikkje har trua på ei stor økonomisk vinning, men har eit stort og viktig ønske om at politikarane våre skal vakne opp og ta ansvar ut over det dei seier i valkampen. Dei må ta ansvar for skule og skuleutvikling i kvardagen, ikkje berre i festtaler.

Vidare seier Camilla at læraryrket må bli eit yrke som vi kan anbefale til dei unge.

«Løn er viktig, den må vi kjempe for. Det å heva status og skape ei meir positiv vinkla debatt om skule ville vere eit godt sideresultat. Eg trur ikkje folk der ute veit at vi gjer det vi kan for elevane våre kvar einaste dag. Det er ein krevjande jobb å heile tida utvikle gode menneskelege relasjonar, men så givande når vi lukkast. Det er derfor eg er lærar.»