Påsken 2022

Utdanningsforbundet Vestland ønskjer alle våre medlemmar ei påske i ro og fred. Men endå sterkare ønskjer vi ro og fred i Ukraina!

Påska er for dei fleste ro, fred og familiehygge. Slik vil det bli for mange i år òg, og det er alle vel unt. Det betyr ikkje at vi ikkje vil tenkje på ukrainarar som lir under krigshandlingar og på flukt. Dei fleste av oss vil bidra og hjelpe der vi kan. Sjølv om verda rundt oss går vidare og kvardagen er stort sett som før, har eg sjeldan sett ei slik mobilisering som verdssamfunnet har gjort den siste månaden. Det skulle berre mangle!

 

Utdanningsforbundet har vore kritiske til ulike velferdsprofitørar som ser sitt snitt til å tene store pengar på å tilby velferdstenester som fellesskapet betalar for. Ofte går profittjaget ut over kvaliteten på tenestene og lønns- og arbeidsvilkår for tilsette.

 

Med den store flyktningsituasjonen vi no ser i Europa, vil det vere mange som ønskjer å profittere på denne. I NRK kan vi i dag lese om eit transittmottak på Hønefoss der tilhøva for flyktningane er under ein kvar kritikk 

Dette synet møtte flyktningane som kom til mottaket – NRK Norge – Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet

 

Det er Hero Mottak som eig senteret. Hero er eit selskap under norskeigde NHC Group som har fleire selskap som tilbyr velferdstenester, mellom anna Norlandia- og Kidsabarnehagane.

 

Når myndigheitene opnar pengesekken for å hjelpe folk i naud, er det deira plikt til å syte for at tenestene dei betalar for er av ein kvalitet som vi kan stå inne for. Her må myndigheitene raskt få på plass eit system som sikrar dette.

 

Like viktig er det at vi som borgarar i eit velferdssamfunn tydeleg gir uttrykk for våre forventningar til at tenestene og lønns- og arbeidsvilkår skal vere skikkelege og ryddige.

God påske!

Steinar Vegsund Strømsli, fylkesleiar

Kontoret held stengt i påska. Viss nokon treng akutt hjelp kan de ringe fylkesleiar på telefon 91107323.