Blir Sande skule fornya med sparekniv? Gjer ein det skikkeleg vert det billigare på sikt!

Publisert: 30.05.2022

Elevar og tilsett på Sande skule treng sårt eit oppdatert skulebygg. Der er dårleg inneluft, lekkasjar, trekkfullt, tronge klasserom og kontor, manglande grupperom og møterom, og dårleg infrastruktur for digitale løysingar.

For å gjennomføre ei moderne utbygging av Sande skule trengs det ytterlegare 50 millionar i finansiering. Skal skulen stå ferdig til 2026 må dette finansierast av kommunestyret i inneverande økonomiplan.

Les meir:

https://www.firda.no/sande-far-ikkje-skulen-sin-pa-mange-ar-enno/s/5-15-1241391

https://www.firda.no/sja-bilda-interioret-sa-gale-at-det-gaular-likevel-ma-dei-sja-langt-etter-oppussing/g/5-15-921151

https://www.firda.no/synd-det-gjekk-sa-lang-tid-for-politikarane-fekk-med-seg-at-skulen-var-darleg/s/5-15-1238500