Visste du at ei barnehageavdeling berre har grunnbemanninga inne 1/3 av dagen

Publisert: 30.11.2021

Sjølv om grunnbemanninga i barnehagane er 3 vaksne per avdeling, er det i praksis mindre enn ein tredjedel av opningstida der avdelinga er fullbemanna. Det er eit optimistisk anslag!

Ein barnehage i Sunnfjord kommune held opent frå 7 til 16:30. Minimum 2 timar kvar dag er det ein tilsett åleine på avdelinga. Over halvparten av dei 7 timane i mellom er dei berre to av tre. Barnehagelærarar har ein tøff arbeidsdag med mykje ansvar. Dette ser vi att på sjukefråvære.

Barnehagelærarane kjem ofte på etterskot i planlegginga då dei trengs på avdelinga, og ikkje kan trekke seg tilbake for å planlegge dagane dei har ansvar for. Dette blir fort ein vond sirkel. Utan førebuing vert ikkje tilbodet til barna pedagogisk, men rein oppbevaring.