Forhandlingskurs for nye tillitsvalde

Det blir ikkje lokale forhandlingar på kapittel 4 i KS i år. Men dei som er leiarar på kapittel 3 etter HTA får all løn forhandla lokalt.

1.– 2. juni møttes nye medlemmar i lokallaga sine forhandlingsdelegasjonar til Grunnkurs i Forhandlingskompetanse. Dei fekk fagleg påfyll, gode erfaringsdelingar og dei fekk prøvd seg i ulike forhandlingsspel.

Dette var ein engasjert gjeng som har fått eit kunnskapsgrunnlag for å forhandle lokalt. 

Du kan lese meir om lønsoppgjeret her.