Unio varslar streik i Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune

Publisert: 20.05.2021

Torsdag 20.05.21 kl. 14.40 varsla Unio streik i Sunnfjord kommune og Vestland fylkeskommune frå og med 27.05.2021 kl. 0800.

Førebels vert streik varsla ved følgjande einingar: Førde Omsorgssenter, Halbrend skule, Førde ungdomsskule, Fysio- og ergoterapitenesta, Mo- og Øyrane vidaregåande skule, Hafstad vidaregåande skule, Sunnfjord rådhus, Førde bu- og miljø, Førde heimeteneste, Helsestasjon, Legesenter og Tildelingseininga. Samla varsla uttak for Unio Sunnfjord er 198 personar.

Dersom det vert streik vil ikkje smittesporing, vaksinasjon eller anna koronarelatert arbeid bli råka.

Årsaka til streikeuttaket er stor avstand mellom Unio og KS.

– Vi kan ikkje sjå at KS tek ansvar for å løyse dei store rekrutteringsutfordringane vi har i kommunal sektor. Årets lønsoppgjer må vere starten på eit lønsløft for tilsette med høgare utdanning, og må følgast opp i kommande tariffoppgjer. Vi varslar streik for å sikre eit best mogleg tilbod til kommunen sine innbyggjarar, seier Stig Jonny Fitje, leiar for den lokale konfliktberedskapen i Unio.

Unio krev ein klar reallønsvekst for alle sine medlemsgrupper. I tillegg tok Unio ansvar og viste moderasjon i fjorårets lønsoppgjer medan privat sektor gjekk langt utover ramma som dei sjølv hadde sett. Dette må vise att i KS sitt tilbod.

Så langt vi veit står partane langt frå kvarandre, og streikefaren er stor. 

Unio er hovudsamanslutning for universitet og høgskuleutdanna og har medlemmar i  bl.a. Utdanningsforbundet, Norsk Sykepleierforbund, Forskerforbundet, Akademikerforbundet, Norsk Fysioterapiforbund og Norsk Ergoterapiforbund. 

Det vart streik og vi fekk sagt tydeleg i frå!