Jobbar du i ein kommunal barnehage?

Hugs å svare på medlemsundersøkinga om arbeidstidsavtalen for tilsette i barnehagen!

Utdanningsforbundet sende i veke 12 ut ei spørjeundersøking om arbeidstid til medlemmer som jobbar som pedagogisk leiar eller barnehagelærar i kommunale barnehagar. Vi håper at du som har motteke undersøkinga kan avsjå nokre minuttar til å svare på den, di tilbakemelding er viktig.

Dei av våre medlemmer som er registrert som barnehagelærar eller pedagogisk leiar i kommunal barnehage har anten fått, eller vil få ei spørjeundersøking via e-postadressa du har registrert på Min side på Utdanningsforbundet. 
Har du ikkje fått epost? Sjekk søppelposten, kanskje ligg den der.

Utdanningsforbundet treng oppdatert informasjon om arbeidssituasjonen til våre medlemmer som kan nyttast vidare i den barnehagepolitiske arbeidet. Særavtala SFS 2201 for barnehager, skolefritidsordning, skole og familiebarnehager skal reforhandlast til hausten, derfor er det spesielt viktig for oss å få innsikt i korleis du får nytta di planleggingstid.

I tillegg har det og gått ut ei undersøking til styrarar i både kommunale og private barnehagar. Denne undersøkinga omhandar styrar sine arbeidsoppgåver og vert utført av Rambøll, på oppdrag frå Utdanningsforbundet.

Vi oppmodar ALLE til å delta. Di tilbakemelding er viktig i det vidare arbeidet!