Barnehagedagen 2022 "Vennskap, du og eg"

15. mars markerast Barnehagedagen 2022 over heile landet for å synleggjere kva barna erfarer, lærer og opplever i barnehagen. Tema for dagen er «Vennskap", og slagordet er «Vennskap - Du og eg». Å skape vennskap og å lære barn og behalde venner er viktig for barnet her og no, og for framtida.

Korleis skal barnehagane i Rogaland markere dette? Dette har me i Utdanningsforbundet Rogaland lyst å høyre om. Send oss gjerne bileter og ein liten tekst på korleis din barnehage vèl å markere Barnehagedagen 2022. Då kan du vere  med i trekninga om ei barnebok og og ei lita gåve frå oss i Utdanningsforbundet Rogaland. Etter barnehagedagen vil me lage ein artikkel med innsendte bidrag som vi publiserar på vår nettside.

Me set pris på om du sender inn bidrag til: [email protected]

Lykke til med årets barnehagedag