Visste du at leirskule er obligatorisk, men pengane frå staten når ikkje fram til skulane i Sunnfjord kommune?

Publisert: 30.05.2022

I 2019 blei det innført krav om obligatorisk leirskule for elevane i grunnskulen. I samband med dette overførte staten midlar til kommunane for å gjennomføre dette. Desse midlane kom aldri ut til skulane i Sunnfjord kommune. Skal ein oppretthalde leirskuleaktiviteten i Sunnfjord må desse midlane ut til skulane.

Utdanningsforbundet føreslår at kommunen set av ein pott der skulane kan søke om støtte til leirskuleopphald. Slik vil ein få ei ordning på lik linje som då dette var ein statleg ordning. Då slepp ein at påbodet om leirskule fører til at skulen får for lite midlar til skuledrifta. Dårleg økonomi vil i neste omgang kunne føre til at skulane vert tvinga til å finne «billige» løysingar i staden for dei populære og gode leirskuleopplegga ein har nytta i mange år.

Les meir:

Leirskoleopphold er fra skoleåret 2019-20 lovfesta gjennom ein ny paragraf i Opplæringslova: 13-7 b «Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur. Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.»

Kommunane mottek gjennom rammeoverføringa pengar frå staten til både reise, opphald og opplæring for elevane på leirskole.