Fylkesstyret i Utdanningsforbundet Vestland er klar for opptrapping av streiken

Måndag 22. august vert lærarstreiken trappa opp over heile landet. I Bergen vil opptrappinga råke både ungdomstrinnet og vidaregåande skular.

Streikeuttaket på nærare 100 medlemmer i Bergen er den første opptrappinga til Utdanningsforbundet sidan dei første streikande på Gimle oppveksttun la ned arbeidet rett før skuleferien i juni. Dei nye skulane i Bergen som vert råka av streik er Slåtthaug skole, Bergen katedralskole og Slåtthaug videregående skole. Over 1300 lærarar over heile landet er no tekne ut i streik.


- Det er ei relativ beskjeden opptrapping Utdanningsforbundet gjer no. KS har ikkje vist vilje til å komme oss i møte, så vi må vere budde på ein lang konflikt, seier fylkesleiar Steinar Vegsund Strømsli.

 

Både tillitsvalde og tilsette i Utdanningsforbundet Vestland bidreg med streikearbeid i Bergen lokallag, som førebels er det einaste lokallaget i Vestland som er tekne ut i streik.