Elevmedverknad og skuleutvikling

Eit treårig skulebasert forskingssamarbeid mellom Noreg og Canada, NORCAN-samarbeidet, viser til gode erfaringar når det gjeld å inkludere elevar i den faglege utviklinga ved skulane.

Dette er godt dokumentert i rapporten. Nyttige erfaringar med skuleutvikling frå dette samarbeidet kan kanskje inspirere deg som skuleleiar til å sjå på moglegheiter på eigen skule.

Til diskusjon

Elevmedverknad – til drøfting på skolenivå

  1. Analyserapporten til Elevundersøkinga 2017 seier følgjande: Vi ser at elevmedverknad er eit omgrep med relativt stor fleksibilitet når det gjeld tolking. Omgrepet kan ha ulikt innhald avhengig av kven som brukar det og konteksten det blir brukt i. Dette handlar blant anna om grader av involvering og medverknad, ulike nivå ein kan medverke på, om det er direkte eller indirekte medverknad og korleis medverknad blir forstått av dei ulike aktørane. Det handlar også om korleis ein kan medverke på vegne av andre eller på vegne av seg sjølv.
    1. Kva legg vi i omgrepet «elevmedverknad»?
      Korleis praktiserer vi elevmedverknad på dei ulike trinna?
      På kva andre område kan vi vidareutvikle arbeidet med elevmedverknad?
    2. Verdien av elevmedverknad overraska både leiarar og lærarar i NORCAN-partnarskapet.Korleis jobbar vi på vår skule med å inkludere elevane i den faglege utviklinga?
  2. Kan NORCAN-partnarskapet gi oss gode idear til vidare arbeid med elevmedverknad?

Utviklingsarbeid – til drøfting i leiarteamet/plangruppa

  1. Kan erfaringar frå NORCAN-partnarskapet gi oss nye idear til korleis vi kan jobbe med forskings- og utviklingsarbeid ved vår skule?
  2. Kva rolle skal/bør leiinga ha i dette arbeidet for å vere tett på læringsprosessane?