Dokument 8:67 S (2021-2022) Representantforslag om vidareføring av ei lærarspesialistordning

Utdanningsforbundet meiner det er gode grunnar til å bygge vidare på lærarspesialistutdanninga som eit verkemiddel i ei ny partsforankra ordning.

Kva kan vi ta med oss frå evalueringa av lærarspesialistpiloten?

Representantane viser til ei positiv evaluering av pilotordninga. Rapportane frå NIFU viser at mange lærarar og leiarar er positive til ordninga og har funne gode lokale løysingar. Forslagsstillarane viser til lærarspesialistordninga som ein karriereveg og ei attraktiv ordning for lærarar. Utdanningsforbundet vil likevel peike på at evalueringsrapportane også har vist at ordninga i liten grad blir oppfatta som ein karriereveg blant lærarar, leiarar og tillitsvalte. Både på grunn av at ordninga ikkje er open for alle, og det er knapt med tid og midlar knytt til arbeidet som lærarspesialisten er forventa å gjere. Det å få ein ny karriereveg verkar også i liten grad å vere ein del av motivasjonen for å søke seg til ein slik funksjon. Nokon ser på ordninga som ei moglegheit til å seinare få ei leiarstilling eller ei stilling utanfor skulen. Dette er ikkje i tråd med intensjonane ved ordninga. 

Evalueringsrapportane viser også at lærarspesialistane framleis bruker mest tid på individuell fagleg oppdatering, og mindre tid på rettleiing og observasjon av kollegaer. Det at eksisterande praksis i liten grad blir utfordra blir også stadfesta av Lorenzen (2021). Sluttrapporten viser likevel at lærarspesialistar som har meir avsett tid til funksjonen – arbeidar meir med kollektiv profesjonsfagleg utvikling (Lødding et.al. 2021). Dette er eit sentralt funn å ta med seg på vegen vidare. For å styrke profesjonsfellesskapa, er det avgjerande med nok tid til å drive kollektive prosessar og erfaringsutveksling lærarar imellom. Utdanningsforbundet støttar at vi må ta med oss positive erfaringar frå pilotordninga: utviklingsmoglegheiter knytt til fagleg-pedagogisk arbeid og ei innretning som handlar om lærarane sine kjerneoppgåver og eit godt tilbod om formell kompetanseutvikling.

Les mer: Kommentar frå Utdanningsforbundet (pdf)