Full siger i PBL streiken

Det vart ein historisk siger då streiken i PBL barnehagane i går vart avslutta. Nesten fem vekers streik førte fram.

Etter gjentekne gonger å ha blitt lova ein pensjon som nær alle andre tilsette i barnehagesektoren har, måtte vi til slutt sette ned foten. Kravet var ein anstendig pensjon for alle tilsette i PBL. Utan dette ville dei som jobbar i PBL tape fleire titals tusen av kroner når dei blir pensjonistar og skal leve av pensjonen. 

Du kan lese meir om bakgrunnen for streiken her. 

I går vart det feststemning på Avholdshjemmet i Ålesund. Alle dei streikande var samla og feira at no var kampen over. No hadde vi vunne fram ein lang og krevjande streik. Heldigvis opplevde dei streikande stor støtte både nasjonalt, men og frå foreldra og media. Nesten 80 prosent av folket støtta dei rettvise krava om lik pensjon som alle andre. 

Tusen takk til alle dei streikande og dei som har stått i spissen for denne rettvse kampen. Saman står vi sterkare.