Visste du at elevar i Sunnfjord kommune kan få nye lærebøker i år om ein nyttar litt av overskotet frå 2021?

Publisert: 30.05.2022

Kommunestyret i Sunnfjord kommune, skal 17. juni vedta ein ny økonomiplan for 2023-2026. Med dagens finansieringsplan for læreboker vil det ta mange år for at skulane får kjøpt inn nye etter innføringa av ny læreplan. Ved å bruke litt av overskotet frå 2021, på 23 millionar, kan Sunnfjord kommune gjennomføre det i 2022 til same kostnaden.

Frå og med hausten 2021 var dei nye læreplanane på plass for alle klassetrinna i grunnskulen. Nye læreplanar krev nye verkty i klasserommet. Ein hadde eit mål om å kunne nytte dei gamle lærebøkene eitt år til saman med utprøving av digitale ressursar.

Både elevar, føresette og lærarane saknar nye læreverk. Dei gamle bøkene er både utdaterte og utslitte, og å nytte berre digitale ressursar viser seg å ikkje vere ei god nok løysing. Det er kritisk for nynorsken, det blir vanskeleg å følgje med for både elevar og føresette, og gir lærarane utfordringar i ein travel skulekvardag.

Les meir her:

https://www.firda.no/innkjop-av-nye-lareboker-i-grunnskulen-vil-ta-fire-ar/s/5-15-1387442

https://www.utdanningsforbundet.no/fylkeslag/vestland/lokallag/sunnfjord/nyheter/2021/visste-du-at-elevar-i-sunnfjord-kommune-kan-vere-utan-oppdaterte-lareboker-i-fleire-ar-framover/