Om rådgjeving og karriererettleiingsfeltet

Rådgjevarar og karriererettleiarar har ei nøkkelrolle i heile utdanningssystemet, og dei har eit stadig aukande omfang av komplekse oppgåver å utføre. Dei jobbar innan et komplekst og samansett område som har grenseflater til ulike sektorar.

Lokal rådgjevingspraksis blir til i eit spenningsfelt mellom ulike interessentgrupper sine ønskjer og krav; rådgjevingsteori, lov og forskrift, tilrådde kompetansekriter, andre sentrale styringssignal, og lokale, kontekstuelle forhold som f.eks. skulen si organisering og elevgrunnlag, behovet og engasjementet til lokalt næringsliv osv.

Ei kjend problemstilling knytt til rådgjeving/karriererettleiing er om tenesta skal være ein personleg eller individuelt fokusert service eller eit verkemiddel for storsamfunnet sitt behov for framtidig kompetent arbeidskraft.

Fleire evalueringar har peika på manglar ved det norske systemet for livslang rådgjeving og karriererettleiing. Blant anna at tenestene er fragmenterte, manglar koordinering og strategisk utvikling og ei svak profesjonalisering. Utdanningsforbundet meiner vi har gode rådgjevingstenester i skulen i dag, men at det er sentralt å styrke det heilskaplege systemet for livslang rådgjeving og karriererettleiing, i alle ledd. Tenestene skal henge saman og bygge på kvarandre, og styring og organisering av rådgjeving- og karriererettleiingsfeltet må bli sett i samanheng med den større kompetansepolitikken.

I det norske skulevesenet har vi hatt ei rådgjevingsteneste i grunnskulen sidan 1959 og i vidaregåande skule sidan 1969. Kva funksjon denne rådgjevinga skal ha, og kva kompetanse som er naudsynt blant dei rådgjevande har vore debattert sidan. For Utdanningsforbundet sin del er rådgjevingstenesta sine overordna målsetjingar er ein integrert del av den profesjonsetiske plattforma og bidreg såleis til å styrke profesjonen og kvaliteten i opplæringa. Rådgjevaren er mellom anna ein sentral aktør for å fremje elevar sine moglegheiter for leik, læring og danning, og for å fremje likestilling og likeverd.

Omgrep; rådgjeving og karriererettleiing

Der er mange ulike omgrep som nyttast på feltet, som til dels omhandlar det same: Rådgjeving, rettleiing, informering, karriererettleiing, utdannings- og yrkesrådgjeving, og sosialpedagogisk rådgjeving. I Norge har omgrepa rådgjeving, utdannings- og yrkesrådgjeving og sosialpedagogisk rådgjeving blitt brukt, spesielt i skulesektoren. Rådgjeving som overordna omgrep kan definerast som:

«...pedagogisk verksemd der hensikta er å setje dei som søker hjelp, betre i stand til å hjelpe seg sjølv, ikkje berre i den aktuelle saken dei står oppe i, men også i andre, liknande saker». (Johannessen, E., Kokkersvold, E. og Vedeler, L. (2001) Rådgivning. Gyldendal Akademisk s:15.)

Sosialpedagogisk rådgjeving omhandlar i korte trekk personlege, sosiale og emosjonelle vanskar, medan utdannings- og yrkesrådgjeving har til formål å bevisstgjere og støtte eleven i val av utdanning og yrke og utvikle kompetansen til den enkelte til å planlegge utdanning og yrke i eit langsiktig læringsperspektiv.

Karriererettleiing har siste åra blitt eit stadig meir aktuelt konsept, både politisk og som ein del av statlege og kommunale tenester. Som eit resultat av utviklinga i samfunnet og i arbeidslivet ser ein behov for å styrke borgarane sine moglegheiter til å få kontroll over eigen karriereutvikling. Gjennom stadige transaksjonar mellom arbeidsliv, opplæring og utdanning blir det ei statleg oppgåve å støtte borgarane i deira navigering.

Karriereutvikling skal i dag vere tilgjengeleg for alle, og karriere blir definert som «the individual’s lifelong progression in learning and work». Dette blir altså ei brei forståing som femnar om rollene ein person har på alle område i livet, både innanfor og utanfor utdanning og lønna arbeid. ELGPN definerer karriererettleiing på følgande måte:

A range of activities that enable citizens of any age, and at any point in their lives, to identify their capacities, competences and interests; to make meaningful educational, training and occupational decisions; and to manage their individual life paths in learning, work and other settings in which these capacities and competences are learned and/or used. (ELGPN 2014)

Premissleverandørar

Rådgjevarrolla og praksis blir forma i eit kontinuerleg krysspress mellom ulike nasjonale og lokale interessentar. Alle disse aktørane og rammene påverkar korleis rådgjevar/rettleiar forstår og fortolkar sitt mandat og samfunnsoppdrag.

Aktører i rådgivingsarbeidet (Mordal, Buland & Mathiesen, 2015)

(Mordal, Buland & Mathiesen, 2015)

Ansvar og koordinering på karriererettleiingsfeltet

På statleg nivå er tre departement og fem direktorat/underliggande etatar involvert. Kunnskapsdepartementet er det leiande departement på feltet, men også Arbeids- og sosialdepartementet og Justisdepartementet har ansvar på området. På direktoratsnivå har Utdanningsdirektoratet ansvar for skulerådgjevinga. Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvar for NAV og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet for integreringsfeltet. Senter for IKT i utdanninga har ansvar for utdanning.no. Kompetanse Norge er departementets fagorgan for kompetansepolitikk og har i oppdrag å drifte Nasjonal eining for karriererettleiing, som skal bidra til auka kvalitet, profesjonalitet og et meir likeverdig tilbod om karriererettleiing på tvers av sektorane. Kompetanse Norge har også ansvar for å utvikle og støtte karrieresenter og partnarskapa i fylka.

Grad av samarbeid på tvers av sektorar i fylka varierer i ulike deler av landet. I nokre fylke er det eit tett samarbeid mellom karrieresenter, skular, NAV-kontor og integreringsansvarlege i kommunen, medan det er lite av dette i andre fylke. Kva som er formålet med karriererettleiing og hensikta med tenestene kan være ulikt definert. Figuren nedanfor synleggjer aktørbiletet i karriererettleiingsfeltet i dag (NOU 2016:7).

Aktørbilde på karriereveiledningsfeltet i dag

Lovverket – og politiske mål

Retten til rådgjeving i skulen er heimla i Opplæringslova § 9-2 og privatskulelova § 3-11.  Elevar i grunnopplæringa har rett til naudsynt rådgjeving om utdanning, yrkestilbod og yrkesval og sosiale spørsmål. Formålet med og innhaldet i rådgjevinga er beskrive i forskrift til opplæringslova kap. 22 og privatskulelova kap. 7. Ytterlegare presisering av bestemmingane er beskrive i rundskriv Udir 2-09.

Vaksne som har opplæring på grunnskulens område har rett til rådgjeving etter § 4A- 8, for å kartlegge kva tilbod den vaksne har behov for. Verken lærlingar eller vaksne tatt inn til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3, har rett til rådgiving.  

Skulen skal bidra til elevane si personlege, sosiale og faglege utvikling og læring, og kvalifisere dei for eit godt liv, slik at dei kan fungere på ulike arenaer i samfunnet og bidra til samfunnets vekst og utvikling. Den individuelle retten til naudsynt rådgjeving skal sikre at skulen oppfyller sitt samfunnsmandat på rådgjevings område. I følge forskrifta skal rådgjevinga bidra til å utjamne sosiale forskjellar, til integrering av etniske minoritetar og til å sikre at elevane gjennomfører det 13-årige utdanningsløpet. Rådgjevinga skal også ivareta eit likestillingsperspektiv ved å bidra til at elevar får den hjelpa dei treng for å utnytte og utvikle eigne ressursar, utan omsyn til tradisjonelle kjønnsroller. For nærare presisering av kva den sosial pedagogiske rådgjevinga og utdannings- og yrkesrådgjevinga skal innebere sjå lovteksta. 

Forskrifta sei også noko om skuleeigar sitt ansvar:

“Skoleeigar er ansvarleg for å oppfylle eleven sine rettar etter § 22-1 til § 22-3, jf. opplæringslova § 13-10. Ansvaret inneber mellom anna at begge formene for rådgiving skal utførast av personale med relevant kompetanse for dei to områda. Skolen skal arbeide systematisk og planmessig for å sikre at rådgivingstilbodet blir tilfredsstillande”

Skuleeigar har i følge opplæringslova § 13-10 første ledd eit ansvar for at krava i opplæringslova med forskrifter blir oppfylt. Skuleeigar skal ha eit forsvarleg system for vurdering av om krava i opplæringslova med forskrifter blir oppfylt og for å følgje opp disse vurderingane, jf. opplæringslova § 13-10 andre ledd. Dette systemet skal også omfatte elevane sin rett til naudsynt utdannings- og yrkesrådgjeving og sosialpedagogisk rådgjeving jf. forskrift til opplæringslova § 22-4.

Forskriftene gjev med andre ord ei avklaring på generelt nivå av kva retten til rådgjeving inneber. Rådgjeving er informasjon, rettleiing, oppfølging og eventuelt hjelp. Rådgjeving kan vere både individuell og gruppevis, og det vil i hovudsak vere elevens ønske og behov som avgjer form. Skuleeigar kan ikkje tilby kunn gruppevis rådgjeving,  sidan dette ikkje oppfyller eleven sin rett til naudsynt rådgjeving (Udir, 2009a).

Forskrifta er relativt open på fleire punkt. Dette opnar for lokal omsetjing og fortolking, bidreg også til lokale variasjonar i den praktiske utøvinga av oppgåvene.

Rådgjeving – heile skulens oppgåve?

For at skulen skal kunne oppfylle eleven sin rett til rådgjeving må rådgjevinga være forankra hjå skuleeigar og i skuleleiinga, og vere «heile skulens oppgåve», og inngå som ein integrert del av skulen si verksemd. Utdanningsdirektoratet meiner at denne forståinga må ligge til grunn for kvalitetsutvikling og tiltak på rådgjevingsområde. For at skulane skal kunne gje elevane den rådgjevinga dei etter lov og forskrift har rett på, bør heile skulen vere seg bevisst at dette er noko som angår alle, slik at rådgjevinga også blir gitt av lærarar, og blir integrert i undervisninga i faga. Både i opplæringslova (§1-2) og i læreplanens generelle del er rådgiving formulert som hele skolens ansvar. 

Fleire fag skal også ta vare på elevane sitt behov for informasjon om arbeidsliv og moglege utdanningsval og bidra til å utvikle evne til å ta gode val. Faget utdanningsval blei obligatorisk i norsk skule frå 2008 og har et omfang på 113 timer for 8., 9. og 10. trinn. Faget skal skape samanheng i grunnopplæringa, og bidra til auka forståing av arbeidsmarknaden sitt krav om kunnskap og kompetanse. Utdanningsval skal i hovudsak gje erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar i ulike utdanningsprogram, som eit grunnlag for vidare val. Det å kartlegge og reflektere over eigne interesser og føresetnader inngår også i faget.

Arbeidslivsfaget blei permanent på ungdomstrinnet frå skuleåret 2015/16, som eit praktisk alternativ til framandspråk. Faget skal gje innsikt i arbeidslivet og dei yrkesfaglege utdanningane. Faget har to hovudområde: utvikling av produkt og tenester, og yrkesetikk og arbeidsmiljø.

Faget prosjekt til fordjuping kom med Kunnskapsløftet i 2006 på Vg1 og Vg2 på yrkesfaglege utdanningsprogram. Faget skal gje elevane moglegheit til å få erfaring med innhald, oppgåver og arbeidsmåtar som karakteriserer dei ulike yrka innan utdanningsprogrammet og moglegheit til å fordjupe seg i kompetansemål frå læreplanar på Vg3-nivå. Timeramma for prosjekt til fordjuping er 168 årstimar på Vg1 og 253 årstimar for Vg2.

Skulen si leiing og skuleeigar er viktige aktørar for å oppfylle ambisjonen om at rådgiving skal bli hele skulen si oppgåve. 

Eit heilskapleg system for livslang rådgjeving og karriererettleiing?

OECD og fleire norske evalueringar har peika på manglar ved det norske systemet. Tenestene blir beskrive som fragmentert, dei manglar koordinering og strategisk utvikling, og feltet har ei svak profesjonalisering. Det blir argumentert for at ulike intervensjonar må i større grad bli sett i samanheng og bygge på kvarandre – og at styring og organisering av karriererettleiingsfeltet må bli sett i samanheng med den større kompetansepolitikken: «Lifelong guidance is not one intervention, but many, and works most effectively when a range of interventions are combined.» (ELGPN 2014:8)

Les meir om OECD sine konklusjonar her:

http://www.oecd.org/education/innovation-education/1933206.pdf og http://www.oecd.org/education/innovation-education/1937973.pdf

I norsk samanheng er det per i dag særleg tre organisatoriske grep er meint å gje heilskap og samanheng og kvalitetsutvikling i karriererettleiingstenestene på tvers av sektorar. Nasjonal eining for karriererettleiing (Kompetanse Norge) og partnarskap for karriererettleiing på fylkesnivå. I tillegg har den nasjonale portalen utdanning.no som formål å gje utdannings- og yrkesrettleiing i eit livslangt perspektiv. Kompetanse Norge har også fått i oppdrag å etablere ei nasjonal koordineringsgruppe for karriererettleiing, som består av leiarar på høgt nivå i dei involverte direktorat og offentlege råd.

Dei fylkesvise partnarskapa for karriererettleiing har eksistert gjennom forsøksordningar sidan 2004, for å styrke regional koordinering og samordning av arbeidet med utdannings- og yrkesrettleiing på tvers av ulike aldersgrupper. Per i dag har 18 av 19 fylker eit partnarskap for karriererettleiing mellom minimum NAV fylkesledd og fylkeskommunen, som er formalisert gjennom ein signert partnarskapsavtale.

I mange fylke er det etablert karrieresenter, men her er det også variasjonar i målgruppe og innhald i tilbodet. Desse sentra var i utgangspunktet tenkt å vere ei førstelinjeteneste retta mot vaksne og ungdom utanom skulen, og ei andreline teneste mot skulens rådgivarar for å styrke og kvalifisere rettleiinga som skulen gjev. Det viser seg likevel at mange har individuell karriererettleiing av vaksne som sin hovudaktivitet.