Sommarhelsing 2020

Publisert: 18.06.2020

Som lokallagsleiar vil eg med dette ynskje alle medlemmar: God sommar!

Dei fleste av oss nyt sommarvarmen og gler seg over den i desse dagar. Vi kjenner at vi treng denne sommaren etter den mest spesielle våren på lenge. Ikkje berre har veret vore spesielt kaldt og utfordrande, men og Korona-situasjonen, med alle dei konsekvensane for kvardagen vår som det medførte.

I lokallaget så var vi heldige som akkurat rakk å gjennomføre årsmøtet og temakveld i høve barnehagedagen «ulike saman» før samfunnet vart stengt ned. Nesten samtlege av dei andre lokallaga i no gamle «Sogn og Fjordane» måtte avvikle digitale årsmøte med minimumsprogram som sikra at dei har eit lovleg vald styre til hausten og delegatar til fylkesårsmøtet.

Like eins vart fylkesårsmøtet 9. juni avvikla digitalt. Der vedtok vi å stifte det nye fylkeslaget, Utdanningsforbundet Vestland, og enno meir historie vart skrive. Frå dette fylkesårsmøte så gler vi oss over dei solide representantane frå Sogn og Fjordane vi fekk med vidare i fylkesstyret. Ikkje minst gler vi oss over og gratulerer Steinar Strømsli (Sunnfjord) som fylkesleiar. Dei andre frå Sogn og Fjordane i styret er Anita Holm Cirotzki (Bremanger) som kontaktperson for barnehage, Hilde Kvamsås Aa (Sunnfjord) som HTV 1 i fylkeskommunen og HTV-F i styret. Hege Rusti (Høyanger) som vara kontaktperson for Vgs og styremedlem og Heidi Rennestraum som styremedlem. I tillegg så vart Unn Elin Lohne (Sogndal) vald som HTV 5 i fylkeskommunen, Linda Moen Rebni (Sogndal) til vara kontaktperson for UH og Marit Nyvang Dyrstad (Stad) som vara kontaktperson for FAS. Dei to sistnemnde er også vara til styret.

Vi ynskjer det nye fylkesstyret, med Steinar Strømsli i spissen, lykke til med å etablere Utdanningsforbundet Vestland som ein samlande og slagkraftig organisasjon til beste for medlemmar, skular og barnehagar i Vestland fylkeskommune. Så er det bestemt på førehand at kontoret til avtroppande Sogn og Fjordane fylkeslag i Førde, skal halde fram. For oss med verv i lokallaget her i Sunnfjord er dette godt nytt og vi vonar dette vil fungere på ein måte som gjer at det blir slik også i framtida.

Korona-våren tenkte eg ikkje å kommentere så mykje. Dei fleste av dykk har kjent konsekvensane av denne på kroppen i mykje større grad enn meg. Som lokallagsleiar har eg hatt gleda av å vere i kontakt med plasstillitsvalde og prøvd å halde meg oppdatert på situasjonen i barnehagane og skulane i Sunnfjord. Eg vil gi honnør til dykk alle for innsatsen som lærarar! I tillegg vil eg takke dei plasstillitsvalde spesielt for det gode samarbeidet. Det er svært verdfullt for arbeidsplassane og for arbeidet til lokallaget at de har teke på dykk vervet som ATV!

Så går vi mot ein spennande haust. Først, men ikkje minst, skal dei nye fagplanane innførast i skulane – dette medfører til dels store endringar i korleis ein driv undervisning og læringsarbeidet. Vi ynskjer lærarane i skulane lukke til med dette arbeidet.

Sunnfjord kommune skal spare 40 - 50 millionar kronar dei neste tre åra. Eg sit faktisk på kommunestyremøtet i skrivande stund. Økonomiplan med innsparingar og følgene av den – plan for for bruk av skulane og barnehagane i Sunnfjord vert handsama. Dette vil seie at vi skal gjennom ein ny skulebruksplan i løpet av hausten, og like eins sjå på barnehagestrukturen. Vi veit alle at dette vert krevande prosessar. Nokre vil oppleve at arbeidsplassen vert sett i spel – andre blir engasjerte for elevar og grendelag sitt beste. Målet er å spare pengar på skule og barnehagedrifta. Det betyr at fleire av  klassane i skulane vil kunne få fleire elevar.  I barnehagen må ein fylle opp fleire av avdelingane mot normtalla for tal barn per tilsette. For nokre skular kan dette verte kroken på døra, for andre kan det føre til større endringar. For barnehagar kan resultatet bli stengde avdelingar og endringar i struktur. Det kjedelege er at utviklinga for barne- og elevtal i Sunnfjord kommune ikkje går rette vegen – det går mot færre barn i barnehagane og skulane i åra framover.  

I vidaregåande skule går siste planleggingsarbeid fram mot ferdige teikningar av den nye Førde vgs sin gang. Dette er ikkje utan utfordringar. Tilsette står samla for å få til dei gode løysingane som gjer at dette blir eit godt prosjekt. Dette syner seg å vere tøft – det er ikkje lett å få pengane til å strekke til. Ny rektor for den nye skulen er allereie tilsett, Mats Bryne. Han vil fungere som prosjektrektor fram til ein startar opp i den nye skulen. Saman med plasstillitsvalde på Hafstad vgs, hadde eg glede av å møte han. Han gav eit positivt førsteinntrykk og vi forventar nok at eit godt trepartsamarbeid vil bli ivareteke i dei utfordringane ein står fram for i tida fram til dei to skulane har blitt til ein.

 

MEN FØRST SKAL VI HA EIN SOMMARFERIE – OG HÅPAR AT DET GODE VERET BLIR REGELEN FOR DENNE SOMMAREN 😊