No er det nok! No handlar det om om skulen si framtid

For sjette år på rad viser KS at dei ikkje er villige til å prioritere lærarane i lønnsoppgjeret, men gi dei mindre prosentvis årslønnsvekst enn andre kommunalt tilsette.

Lærarorganisasjonane Utdanningsforbundet, Norsk lektorlag og Skolens Landsforbund sa alle nei til Riksmeklaren sitt forslag til lønnsoppgjer denne våren. Tilbodet frå KS var rett og slett for dårleg til at dei tre organisasjonane på nokon måte kunne akseptere det.

For sjette år på rad viser KS at dei ikkje er villige til å prioritere lærarane i lønnsoppgjeret, men gi dei mindre prosentvis årslønnsvekst enn andre kommunalt tilsette. I 2021 fekk lærarane i skuleverket lågaste lønnspåslag av alle, uansett sektor. Særleg ille var tilbodet til dei med høgast utdanning og lengst ansiennitet. Her kan ein vente seg ein lønsnedgang etter 2022-oppgjeret.

Går feil veg


Lønnsutviklinga har etter at KS overtok arbeidsgivaransvaret berre gått feil veg. Dette kan vanskeleg forståast som noko anna enn eit tydeleg signal frå ein arbeidsgivar om at desse gruppene ikkje skal prioriterast. På litt lengre sikt har lærarane i skule konsekvent kome dårlegare ut enn andre grupper. Dette er eit faktum, enten ein vel å sjå på gjennomsnittleg grunnlønnsvekst eller prosentvis lønnsutvikling over tid. I tillegg tillèt KS seg å snakke ned, trekke kompetansen til lærargruppene i tvil ved å vise til at det er mange som kan gjere ein god undervisningsjobb. Dette er eit alvorleg angrep på ein profesjon og vi har ikkje opplevd at andre arbeidsgivarar tillèt seg å gjere det same. Gjennom sin retorikk rammar KS lærarane som står i stilling, samtidig har det konsekvensar for rekruttering til læraryrket. Skal vi få ungdom til å gå inn i dette viktige yrket må jobben både vere spennande og vise til ei lønn som samsvarer med lengda på utdanninga.Har KS forstått det?

Bruker unnatak

Løysinga på rekrutteringsutfordringa frå deira side er heller å bruke unnatak i forskrifta som regulerer kva for kompetanse ein skal ha for å undervise. KS vil sleppe folk utan lærarutdanning inn i læraryrket og vil at dei skal kunne jobbe som lærarar på lik linje med dei som har tatt ei lang lærarutdanning. Den pedagogiske delen av utdanninga blir ikkje tillagt vekt, sjølv om det nettopp er igjennom denne kompetansen at opplæring i det breie samfunnsmandatet finn stad.

Lærarorganisasjonane og ikkje minst samfunnet treng ein arbeidsgivar som anerkjenner lærarprofesjonen, og som ser viktigheita av at born og unge får møte lærarutdanna lærarar i heile opplæringa. Vi må ha ein arbeidsgivar med store ambisjonar på vegne av ein skule for framtida og vi må ein skuleeigar som vil og kan oppfylle storting og regjeringa sine ambisjonar , mål og visjonar for norsk skule som skal løyse morgondagens store utfordringar!

Tillitskrise

Slik situasjonen er no, slik kan den ikkje fortsetje. Det er ei tillitskrise til KS i skuleverket.  Utdanningsforbundet sine medlemer og tillitsvalde vil mobilisere på alle nivå i organisasjonen. Det vil merkast når den største lærarorganisasjonen mobiliserer til kamp for lærarprofesjonen og vise våre ambisjonar for norsk skule!

Det er dessverre heilt nødvendig nok ein gong å ta i bruk det viktige kampvåpenet som streik er.

No er det nok ! No handlar det om skulen si framtid!

 

Gerd Botn Brattli, fylkesleiar

Håvard Moe, nestleiar