Visste du at elevar i Sunnfjord kommune kan vere utan oppdaterte lærebøker i fleire år framover?

Publisert: 30.11.2021

Med dagens finansiering slik vi ser den i økonomiplan og budsjett, vil det i Sunnfjord kommune ta 3 år å skifte ut læreverka i norsk, matematikk og engelsk - så kan ein møte behova i dei andre faga...

Skuleverket har i ei treårsperiode gått gjennom ein fornying av læreplanane. I grunnskulen har alle klassane frå og med hausten 2021 nye planar.  Ei slik fornying krev nye og oppdaterte lærebøker. Sunnfjord kommune har sett i gang ei flott satsing på digitale hjelpemiddel som kan hjelpe litt på situasjonen. Men skulen må også ha lærebøker!

Kvifor kan ein ikkje klare seg med berre digitale hjelpemiddel?

Elevar treng avveksling frå skjerm og tastatur. Elevane fortel at det blir for mange timar med skjerm kvar dag, dei klagar over hovudverk og dei saknar bøker. Læring er komplekst. Lærebøker gir saman med digitalt lærestoff variasjon. Forsking støttar at læringsutbytte blir dårlegare dersom ein berre nyttar digitale læringsmiddel. Dei digitale hjelpemidla er ikkje ferdig utvikla, dei er enno ikkje i nynorsk språkdrakt og har dårleg språk. Stadig endringar av dei digitale sidene gjer elevar og lærarar utrygge i læringsarbeidet. Lærarar fortel at dei har planlagt ein dag med lenker og opplegg til lærestoffet, men når dei møter elevane er nettstaden ny og lærestoffet endra. I tillegg blir ein svært avhengig av at teknikken fungerer. Er nettet borte eller ustabilt, kva gjer ein då – utan lærebok?

Føresette opplever seg sette på sidelina.

Føresette som ynskjer å hjelpe barna med skulearbeidet føler seg sette på sidelina. Mange elevar får god hjelp av føresette i læringsarbeidet og vi har føresette som ynskjer å gi barna denne læringsstøtta. Dei er avhengige av at barna klarer og er motiverte til å finne fram lærestoffet på datamaskina / nettbrettet. Før var det enkelt for foreldre å finne fram i planane elevane fekk frå skulen, no er lærestoffet inne på maskina – det er eleven som må finne det fram og det blir fort lite tilgjengeleg og oversiktleg for føresette.

Kva må til?

Politikarane i Sunnfjord kommune må på bana. Ved å løyve rundt rekna ein million ekstra i årets budsjett til læreverk vil ein komme langt for å få til utskifting av lærebøker i basisfaga norsk, engelsk og matematikk i 2022. Ei tilsvarande løyving neste år vil gje godt grunnlag for ytterlegare utskiftingar i andre fag. Lærebøkene kjem til å vare i 15 år. Fordeler ein kostnadene på 15 år er investeringa lita. Samstundes er det naudsynt at dette kjem no.