Stemma til lærarane i barnehage er viktig!

Eg vil at barnehagelærarstemme skal vere høg og tydeleg, både i barnehagen og i organisasjonen vår. Desse orda kommer frå kontaktperson barnehage Kari Holmøy. Hovudoppgåver til kontaktperson barnehage ligg i sjølve ordet kontakt.

Kontaktpersonen skal vere i kontakt med barnehagelærarar medlemmar, lytte til deira beskrivingar av ein kvardag som lærar i barnehagen og vere med å diskutere ulike problemstillingar som vi møter. Vidare formidle deira meiningar i organisasjonen vår, og vere tilgjengeleg for å gje råd og støtte om det skulle vere behov for det. Dette kan skje gjennom kurs, dialog med lokallaga eller direkte kontakt med medlemmane. 
 
Kari er barnehagelærar. Ho har jobba som pedagogisk leiar i både private og kommunale barnehagar. No har ho permisjon frå stilling i ein barnehage i Stavanger Kommune. I 2019 vart ho valt til kontaktperson barnehage i Utdanningsforbundet Rogaland, og før dette var ho hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet Stavanger i nokre år. No er ho 100% frikjøpt frå hennar arbeidsplass for å utføre arbeidet i vervet som kontaktperson barnehage i Utdanningsforbundet Rogaland. 
 
Kontaktperson barnehage har eit godt nettverk med dei andre kontaktpersonane for barnehage i alle fylka. Vi utvekslar erfaring, og ikkje minst diskuterer spørsmål, utfordringar og gode faglege innspel som kjem frå lærarane i barnehagar over heile landet. Kari er opptatt av å bringe stemma frå barnehagelærarane heilt opp og fram i organisasjonen vår. Ho seier vidare: Politikarane som set i sentralstyret i Utdanningsforbundet skal vite kva barnehagelærarstemma seier, og her har kontaktpersonane ei viktig rolle med å formidle deira stemme i dei jevnlege møta med representantar frå sentralstyret.  
Gjennom dette får dei som set øvst i vår organisasjon med seg barnehagelærarstemma når barnehagepolitikk og tariff for lærarane i barnehagen skal diskuterast og takast avgjersle på. Sjølvsagt er det òg viktig at kontaktpersonen tek med informasjon og saker til diskusjon frå sentralstyret og vidare til medlemmane våre òg. 
 
Arbeidsoppgåvene til ein kontaktperson barnehage er innhaldsrike, interressanne og varierte, men alle oppgåvene inneheld eigentleg det å vere i kontakt med andre medlemmar. Her er nokre av dei: 
Kurs for hovudtillitsvalte og leiarar i lokallag, td politiske kurs og kurs i forhandlingar i samband med tariffoppgjer. Kurs for arbeidsplasstillitsvalte, ma. dei som er nye arbeidsplasstillitsvalte og kurs om korleis tillitsvalgtrolla skal vere i tilsettingar. Kurs handlar mykje om aktuelle barnehagesaker og om lov og avtaleverk. 
Leiar av Utval Barnehage, der barnehagelærarrepresentantar frå heile fylket diskutera barnehagepolitikk og har som mål å fremje barnehagesaker til fylkesstyremøter. 
Elles medlem av både personalnemnd (arbeid med personalsaker for medlemmane våre) og kursutvalg i fylkeslaget.   
 
Avslutningsvis Kari, er det andre moment du meinar er viktig kjem fram? Det er kjekt å vere tilstades i organisasjonen vår der barnehagelærarstemma vert brukt, klart og tydeleg. Vårt fag, vår profesjon er viktig, og det er vi som er utdanna barnehagelærarar som kan vise dette på ein best mogeleg måte. Nokon barnehagelærarar tenkjer det er litt vanskeleg å heve profesjonsstemma, men det gler meg som kontaktperson barnehage å sjå at fleire øver på å heve profesjonsstemma og veldig mange er svært gode til å bruke den. Det heiar eg på!