Fylkespolitikarane i Vestland tek ansvar for mindrelønnsutviklinga til lærarane!

Fylkesutvalet i Vestland fylkeskommune har handsama KS sitt debatthefte for tariffoppgjeret.

Fylkesutvalet vedtok i sitt møte 9. februar mellom anna følgande knytt til årets tariffoppgjer i kommunal sektor:

«Vestland fylkeskommune erkjenner at innan utdanningssektoren har tilsette med lang ansiennitet og utdanning etter tidlegare tilbod ei svakare lønsutvikling enn snittet. I årets oppgjer bør ikkje utdanningssektoren nedprioriterast». 

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av KS sitt debatthefte. Utdanningsforbundet Vestland har jobba opp mot fylkespolitikarane for å gjere greie for dei utfordringane utdanningssektoren står i og betydninga det har å rekruttere lærarar med godkjent utdanning, i tillegg til å anerkjenne mindrelønnsutviklinga for dei med lengst utdanning og ansiennitet.

Fylkesleiar Steinar Vegsund Strømsli seier han er glad for at politikarane tek arbeidsgjevaransvaret på alvor.

- 2500 årsverk i Vestland fylkeskommune er undervisningsstillingar og viser dermed kor viktig denne sektoren er for våre fylkespolitikarar, seier fylkesleiaren.

No håpar han at KS lyttar til Vestland fylkeskommune og sørger for at lønnsoppgjeret kjem i hamn utan konflikt og streik. 

På spørsmål 3.1 i debattheftet som handlar om sentral fordeling av lønnsramma, vedtok fylkesutvalet følgande:

På grunn av kraftig prisstigning i samfunnet og auka utgifter for dei fleste meiner vi det vil vere vanskeleg å nedprioritere nokon spesielle grupper i år.

I utdanningssektoren er målet at utdanningspersonell har godkjent kompetanse. Det bør setjast av midlar slik at tilsette utan pedagogisk formalkompetanse kan skaffe seg det.

Innan kommunesektoren er det stor skilnad på fylkeskommune og kommune sitt ansvar. Fylket har ei stor og viktig arbeidsgruppe innan vidaregåande skule medan kommunane i sterkare grad kjenner på rekrutteringsutfordringane innan omsorg og helse.

Vestland fylkeskommune erkjenner at innan utdanningssektoren har tilsette med lang ansiennitet og utdanning etter tidlegare tilbod ei svakare lønsutvikling enn snittet. I årets oppgjer bør ikkje utdanningssektoren nedprioriterast.

For Vestland fylke er det viktig at KS og lærarorganisasjonane bygger tillit og finn fram til felles talgrunnlag for forhandlingane.