- Kvar har KS fått mandatet sitt frå?

Men denne streiken har også eit større og politisk bakteppe. Dette var det sjette året på rad lærarane fekk mindre prosentvis årslønnsvekst enn alle andre kommunalt tilsette. Det skjer samtidig som vi har ei lærarkrise.

Lønnsoppgjeret for lærarane i skuleverket endar dessverre i streik. Sjølv om Unio greidde å sprenge ramma i frontfaget så hadde ikkje dei tre lærarorganisasjonane Utdanningsforbundet, Norsk Lektorlag og Skolenes landsforbund noko anna val enn å bryte og ta i bruk streikevåpenet. Den korte forklaringa er at tilbodet frå KS var for dårleg.

Dei to siste lønnsoppgjera i KS-området har vore katastrofalt dårlege for skuleverket. Ein felles rapport som partane (KS og UDF) la fram etter meklinga i lønnsoppgjeret i 2019, viser at lærarar i skulen har hatt betydeleg svakare lønnsvekst enn andre tilsette i kommunane og fylkeskommunane heilt tilbake til 2004. Endå verre er det samanlikna med lønnsutviklinga i privat sektor. Tilsette med meir enn fire års høgare utdanning i privat sektor tener 250.000 kroner meir i året enn det lærarar med tilsvarande utdanning gjer.

Tor Arne Gangsø, direktør for arbeidsliv i KS, uttalar at innretninga i lønnsoppgjeret 2022 bygg på eit mandat gitt av norske kommunestyrepolitikarar. Han hadde ikkje mandat til å gi anna innretning på lønnsoppgjeret fordi det var dette kommunestyra rundt om i landet hadde ønska.

Er kommunepolitikarane og fylkespolitikarane samde i denne måten å beskrive utfordringane i kommunal sektor på? Er dei politiske partia einige i at lærarane skulle nedprioriterast i lønnsoppgjeret for sjette året på rad?

I Hurdalsplattformen står det at «Regjeringa vil møte den varsla lærarmangelen med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar». Kor i all verden skal regjeringa klare det med KS som arbeidsgivar for lærarane?

Tal fra Samordna opptak viser at søkjartala til lærarutdanningane søkk for tredje året på rad. Nesten kvart femte lærarårsverk i skulen er dekt av «lærarar» utan lærarutdanning, ifølge tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB).

Kva risikerer elevane når lesevanskar ikkje vert oppdaga, når mobbing ikkje blir fanga opp – eller når dei får karakterar av personar som ikkje har lært korleis dette skal gjerast?

For elevane vil konsekvensane bli store og alvorlege.

Vi har også fått det avklara at KS vil sleppe folk utan lærarutdanning inn i læraryrket – og vil at dei skal kunne jobbe som lærarar på lik linje med oss som har tatt ei lang lærarutdanning. Det er direkte uforsvarleg og vitnar om ein arbeidsgivar som fullstendig manglar respekt for lærarprofesjonen og innsikt i det viktige samfunnsoppdraget vi er sett til å forvalte.

Utdanningsforbundet erkjenner fullt ut at kommunesektoren har eit bredt spekter av oppgåver som skal løysast, med aukande kompleksitet og auka krav til kompetanse. Dette gjeld spesielt innanfor områda helse og oppvekst. Vi er glade for at ein ser at løn som rekrutteringsmiddel no blir brukt spesielt for sjukepleiarar og andre i helsevesenet. Samtidig finn vi det svært vanskeleg å tru at ein frå kommunalt og fylkeskommunalt nivå er villig til å la oppvekstsektoren fortsette å bli nedprioritert. Dette vil få konsekvensar for born og elevane sine føresetnader.

Kva mandat var det våre kommunale politikarar gav KS i forkant av dette lønnsoppgjeret?