Høg lyd - ei helseutfordring

Eit barneskrik kan komme opp i 115 dB. Det har same lydstyrke som ei motorsag eller ein rockekonsert.

Ifølgje Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) oppgjev ein av fem tilsette i barnehagar og SFO at dei blir utsette for sterk støy i løpet av arbeidsdagen. Sektoren er på femte plass over dei næringane i Noreg som er mest utsette for støy, og er den einaste «velferdssektoren» på topp ti-lista. Øvst tronar sjø- og luftfart, tett etterfølgd av anleggsverksemder.

Grense: 85 desibel

Seniorrådgjevar i Utdanningsforbundet, May-Britt Heimsæter, påpeiker at desse næringane ofte har ulike tiltak som høyrselsvern for å redusera skadeverknadar av høg støy. Det kan ein ikkje bruke i barnehagane og i SFO. Grensa for arbeidslivets krav om høyrselsvern går ved 85 desibel. Eit barneskrik overstig den grensa med god margin.

Høg lyd kan vere ei utfordring for både vaksne og barn, og kan i verste fall føre til helseplager. Nesten ein av fire tilsette i barnehage og SFO oppgjev at dei er plaga – i varierande grad – av nedsett høyrsel eller øyresus. 11 prosent av desse oppgjev at plagene heilt eller delvis skuldast jobben. Også stress, muskelspenningar, hovudpine, søvnvanskar og redusert trivsel kan vere blant plagene.

Finst tiltak

Heldigvis finst det tiltak ein kan sette i verk for å gjere både barn og vaksne meir støybevisste. Nyleg har Hørselshemmedes Landsforbund (HLF), i samarbeid med Utdanningsforbundet, PBL og Fagforbundet, lansert tre filmar om Skriketrollet. Skriketrollet er eit troll som bur i barnehagen og er var på lydar, og er eit pedagogisk hjelpemiddel for å redusere skadeleg støy i barnehagen.

Så langt er over 2300 skriketroll tekne i bruk i barnehagar i heile landet.

I IA-avtalen har barnehagar fått et eiget bransjeprogram. Bransjeprogrammet tek utgangspunkt i kva forsking viser har innverknad på sjukefråværet, og lyd og høyrsel er eit tema som vert trekt fram. I det nye IA-verktøyet BarnehageHMS er dette eit av 13 arbeidsmiljøtema. Verktøyet «En bra dag på jobb» har og dette som tema.

I faktaboksen finner du ein rekke andre tips til moglege tiltak som kan hjelpe på lydnivået i barnehagen din. Dersom barnehagen har økonomi til det, kan ein gå til innkjøp av lydmålaren «Lydia». Ved hjelp av trafikklysfargar, viser Lydia kor høg lyd det er i rommet.

Les meir og finn fleire ressursar på:

  • Dersom du er usikker på akustikken i barnehagens lokala, kan du ta kontakt med Hjelpemiddelsentralen i fylket ditt. Dei har instrument som kan måle etterklangstida i lokala og kan gje råd om lydisolerande tiltak.

  • Sikre gode samtalerutinar og at belysninga er god nok. Dersom du ønsker kontakt med ein person, ikkje rop, men gå bort til hen.

  • Filtknottar til stol- og bordbein, voksduk på borda, bilete og tekstilar på veggane, samt tallerkenar og bestikk i plast kan bidra til å dempe lyden.

  • Filt med lim under kan kjøpast i metervis. Kan blant anna limast i kassene der Lego-klossane oppbevarast.

  • Del barna inn i små grupper når aktivitetar skal gjerast.

  • Prøv med støyfrie soner deler av dagen.

  • Kjøp ein lydmålar frå HLF. Sjå nettbutikk.hlf.no

 

Kilde: Hørselshemmedes Landsforbund.