Pensjonisttreff for medlemmer i Utdanningsforbundet Vestland

Publisert: 07.09.2021

Pensjonistrådet har no gleda av å invitere pensjonistmedlemmer til eit treff på Hotel Alexandra i Loen.

Det vert både kulturelt og fagleg innhald. Vi møtest tysdag ettermiddag, og frå kl. 17.00 blir det servert kaffi med noko attåt. Deretter samlast me til opning og kåseri ved Terje Lyngstad. Etter middag vert det kveldskonsert med Steinar Engelbretkson og tid til sosialt samvær.