Julehelsing

2022 vart eit heilt spesielt år for Utdanningsforbundet, Noreg, Europa og verda. Kva må til for at verda skal komme seg gjennom krisene?

12. februar melde regjeringa at alle smitteverntiltak mot Covid-19 vart oppheva. Dermed var to år med til dels strenge restriksjonar oppheva og samfunnet kunne vente ein vår med sol, varme og friheit. 12 dagar seinare, 24. februar, vart verda vitne til at Russland gjennomførte det mest omfattande angrepet i Europa sidan andre verdskrig. Nok ein gong opplevde vi europearar på flukt frå enorme lidingar og død. Verdssamfunnet gjekk saman i solidaritet til det ukrainske folket og dei ukrainske fargane kunne ein sjå over alt. Vestlege land gjekk saman om restriksjonar mot Russland og humanitær og militær støtte til Ukraina. Det har utan tvil bidrege til at Ukraina har klart å stå i mot mastodonten frå aust. Men ukrainarane går inn i juletida med krig, svolt og kulde.

Krigen i Ukraina har fått store konsekvensar for verda elles. Energikrise med påfølgande pris- og renteauke i Europa er kanskje det som befolkninga utanfor Ukraina merkar best. Noreg er ikkje noko unntak. Dei som hadde minst frå før opplever ein fattigdom vi ikkje har sett i Noreg på fleire tiår.

Då kan det kanskje virke «utidig» at Utdanningsforbundet går til streik for ei lærargruppe som trass alt tener betre enn mange andre arbeidstakargrupper i Noreg?

Noreg er eit av dei mest velfungerande demokratiske velferdssamfunna i verda. Ein avgjerande faktor for å vere det er ein stor og kompetent offentleg sektor. Når vi då ser ei utvikling der talet på lærarar i skulen utan godkjent lærarutdanning aukar og lønnsutviklinga dei siste 15-20 åra er negativ i høve til både privat og offentleg sektor, vil ingen vere tente med at denne utviklinga held fram. Sjølv ikkje i ei krisetid. Lærarstreiken handla ikkje om å få meir enn andre, den handla om ein kamp for å henge med. Den handla om ein kamp for å stoppe den negative utviklinga til det beste for elevar og samfunn. Dette var mogeleg å få til innanfor rammene som låg i dette oppgjeret, men andre ville det annleis.

Vi gjennomførte ein ansvarleg og god streik. Likevel valde regjeringa å stoppe streiken med omsyn til elevane si psykiske helse. Det var ingen konkrete hendingar som truga liv og helse, men meir ein generell bekymring frå Regjeringa. Dette har ikkje skjedd før og fleire meiner ein har flytta grensene for tvungen lønnsnemnd og dermed svekka streikeretten i Noreg. Heile fire parti stemte mot lovforslaget om tvungen lønnsnemnd, noko som ikkje har skjedd sidan etableringa av Rikslønnsnemnda i 1953. Det blei likevel eit fleirtal for lovforslaget, og nemnda skal handsame saka måndag 13. februar 2023.

Måndag 17. oktober gjekk Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Delta ut i streik i tariffområdet PBL. Stridens kjerne var pensjon. PBL ville ikkje gje tilsette i PBL-barnehagane ei AFP-ordning som gir eit livsvarig tillegg på toppen av tenestepensjonen, sjølv om dette var avtalt både i 2019, 2020 og 2021. Dessutan er ein slik pensjon standarden for tilsette i både privat og offentleg sektor. Konsekvensane av løftebrotet kunne vere inntil 50 – 60 000 kr i årleg tapt pensjon for dei tilsette i barnehagane. Etter ein månad vart partane einige gjennom tvungen mekling, og dei tilsette i barnehagane fekk sikra ein livsvarig AFP-ordning frå 01.01.2025.

Etter tre streikar dei to siste åra i tariffområda KS og Oslo kommune som alle enda i tvungen lønnsnemnd, var det godt å sjå at streikevåpenet endeleg fungerte. Våre streikande i barnehagane gjorde ein formidabel jobb. Tusen takk!

Når det gjeld våre kjernesaker, er vi sjølvsagt spente på korleis det vil gå med lønnsoppgjera til våren. Men først og fremst vil det i 2023 vere stor usikkerheit knytt til hendingane i Europa og i verda elles. Korleis vil krigen i Ukraina utvikle seg? Kva skjer med økonomien i Europa og verda? Det er mange spørsmål, men usikre svar. Fagrørsla sine fremste fanemerke er samhald og solidaritet. Det er fanemerke som bør prege heile verdssamfunnet i tida vi går inn i. Berre samhald og solidaritet kan få slutt på krig, flukt og fattigdom.

Utdanningsforbundet Vestland ønskjer alle ei fredfull jul med tre strofer frå Einar Øverland sitt dikt «Du må ikke sove» frå 1937.

Du må ikke sove

Jeg våknet en natt av en underlig drøm,
det var som en stemme talte til mig,
fjern som en underjordisk strøm -
og jeg reiste mig op: Hvad er det du vil mig?

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!
Jeg roper med siste pust av min stemme:

Du har ikke lov til å gå der og glemme!
Jeg roper i mørket – å, kunde du høre!
Der er en eneste ting å gjøre:
Verg dig, mens du har frie hender!
Frels dine barn! Europa brenner!

(Arnulf Øverland, 1937)


Steinar Vegsund Strømsli
Fylkesleiar