Mange lærarar i Møre og Romsdal får avslag på vidareutdanning neste år.

Av 554 søkarar til vidareutdanning blant lærarar i Møre og Romsdal, var det berre 420 som vart godkjent av skuleeigarar. Kvar fjerde søkar får dermed ikkje fagleg påfyll slik vedkommande ønsker seg.

Fleire lærarar får no tilbod om å ta vidareutdanning i praktiske og estetiske fag, og i spesialpedagogikk. Men nasjonale tal frå Utdanningsdirektoratet (Udir) si side viser ein nedgang i tal på lærarar som får tilbod, samanlikna med fjoråret. 

5600 lærarar får tilbod om vidareutdanning til hausten. Det er 1500 færre enn i fjor då 7100 søknader vart innvilga. 

Over 10 000 lærarar søkte om lærarutdanning i Noreg. Nesten 7800 vart godkjent av skuleeigar, men i overkant av 2100 ble avvist av Udir. Alle som har søkt om vidareutdanning i matematikk, engelsk og norsk har fått søknaden innvilga. Det same gjeld lærarar som har søkt om vidareutdanning i praktiske og estetiske fag. 

imageh1aok.png

Den første kolonnen er "alle studietyper", den andre er studietilbud frå Udirs katalog, den tredje er annet studietilbud. 

Det er for få studieplassar i spesialpedagogikk. Alle som har søkt om vidareutdanning der har fått innvilga søknaden sin. 


Tre studietilbod ved høgskulen i Volda blir avlyst 

Hovudårsaken til avslaga samla sett er for låg prioritet frå skuleeigar. Andre grunnar til avslag var at det var for få søkarar til studietilbodet. Engelsk 5-10  trinn del 1 og 2 samt matematikk 5-10 hadde for få søkarar, og dermed blir tilbodet avlyst. 

Viktig for elevane 

– Gode og trygge lærarar er det viktigaste for at elevane våre lærer og trivast på skulen. Derfor er eg glad for at så mange lærarar har fått tilbod om fagleg fordjuping. Det er veldig bra at skuleeigarar har støtta lærarane sine søknader, særleg etter to tøffe år med pandemi og høgt sjukekefråvær, i tillegg til det pågåande arbeidet med å hjelpe ukrainske barn, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) i ei pressemelding.

 

Kjelder:

Utdanningsnytt

Udir.no