Profesjonsetisk plattform 10 år

I dag måndag 31.oktober feirar vi at den profesjonsetiske plattforma er 10 år. I samband med dette har vi bedt leiar av det profesjonsetiske rådet Ingunn Folgerø om å setja ned nokre tankar.

I lærerprofesjonens etiske plattform, lover profesjonen barnehagebarn, elevar og studentar å ta val som sikrar deira rettar og menneskeverd.  

Lærarprofesjonens grunnleggjande verdiar er

  • Menneskeverd og menneskerettigheter
  • Profesjonell integritet
  • Respekt og likeverd
  • Personvern

Ei rekke aktørar ønskjer at barnehage og skule skal implementere deira verdiar, metodar eller program. Det er positivt og gledeleg at mange har ambisjonar på vegne av opplæringsinstitusjonar, men lærarane er dei som er utdanna til oppdraget og som skal skape den beste kvardagen saman med barn og elevar. Difor er lærarane sine røyster, verdiar og val avgjerande for korleis kvardagen i barnehage og skule er. Etikk er å grunngi praksis. Gode val er tufta på at mange perspektiv er belyst. Sikrar min praksis menneskeverd for alle? Kan eg stå inne for at denne praksisen er god? Tek eg til motmæle når eg ikkje kan stå inne for praksis og vilkår eg vert pålagt eller på anna vis er ein del av?  Bidreg eg og mine kollegaers val til respekt og likeverd for alle elevar? Kva veit eg om personvern i denne saka?

Kollegiet skal ta initiativ til etisk refleksjon på arbeidsplassen. Om det ikkje er sett av tid til etiske refleksjonar på din arbeidsplass, be rektor om å gjere det eller skap dette rommet sjølv. Moral skil seg frå etikk, ved at moral er noko ein gjer og meiner utan det treng å vere gjenstand for etisk grunngjeving. Moralen kan vere bra og dårleg.

Gjennom etisk refleksjon kan ein diskutere best mogleg praksis ved å tenke:

Vane: Gjer eg som eg gjer fordi eg alltid har gjort det slik? Vil min uforanderlege praksis til ei kvar tid vere det beste for elevane og barna?
Lov: Gjer eg som eg gjer fordi loven seier eg kan? Dersom noko er kritikkverdig ved praksis, kan det likevel vere lovleg. Er det godt nok?
Kjensler: Gjer eg som eg gjer fordi det kjennest rett? Ei kjensle treng ikkje vere ei sanning og refleksjon kring din motivasjon for å gjere som du gjer, kan vere nyttig.
Dei andre: Gjer eg som eg gjer fordi dei andre gjer slik?
 

Eg vonar 10-årsjubileumet set fart i viktige diskusjonar i ditt kollegium. Om de treng inspirasjon, kan de lytte til ulike dilemma me har teke opp i podcasten vår Lærerliv. Her finn du alt frå lærars rettsvern i kapittel 9a-saker, til diksusjonar om barnets rett til lek og til ein podcast om læreraksjonen 1942.

Podcast: PODCAST FRA LÆRERPROFESJONENS ETISKE RÅD: LÆRERLIV — Lærerprofesjonens etiske råd (laereretikk.no)

9.januar skal me også arrangere digital konferanse kl 15.00 – 19.00 om vurdering og observasjon i skule og barnehage. Meir informasjon om konferansen kjem snart på nettsida vår.

Lærerprofesjonens etiske råd nettside: Om rådet — Lærerprofesjonens etiske råd (laereretikk.no)

Facebookside Lærerprofesjonens etiske råd | Facebook