Streikemarkering i Fana

Alle dei fire vidaregåande skulane i Fana og Slåtthaug ungdomsskole samla seg til streikemarkering.

Fredag samla alle streikande i dei vidaregåande skulane i Fana seg for ei felles markering, saman med dei streikande på Slåtthaug ungdomsskole. Sandsli vgs, Stend vgs, Slåtthaug vgs, Nordahl Grieg vgs og nemnte Slåtthaug ungdomsskole møtte opp på Nordahl Grieg vgs for ei samling før avgang. Lokallagsleiaren i Bergen, Bente Myrtveit helsa alle og takka for innsatsen dei legg ned i streiken. 

Lokallagsleiar Bente Myrtveit helsar dei streikande. Foto: Turid Strømmen.

I strålande ver og i livleg prat var det eit langt og fint tog av streikeskjorter og gode bodskap på plakatar som rusla avgårde gjennom heile Lagunen og litt av Fana-bygda før dei enda opp på Nordahl Grieg att.

Tillitsvalde Silje Mæland frå Sandsli vgs og Truls Erik Opheim frå Nordahl Grieg vgs tok seg tid til ein liten prat etter turen. På spørsmål om kva dei gjer for å vere synlege i streiken, svarar Silje at dei har vist seg ved Fylkeshuset på Sandsli, Rådhuset, besøkt Gimle med roser og snop. Både Sandsli og Nordahl Grieg har brukt Bergen sentrum mykje slik at flest mogleg skal merke at lærarane er i streik.

Bilde av tillitsvalde Truls Erik Opheim og Silje Mæland. Foto: Turid Strømmen

Kvar finn de støtte?
Begge seier at dei har god  frå Bergen lokallag. Der får dei hjelp med det meste, og hjelp til å argumentere godt i møte med folk. Sidene til Utdanningsforbundet sentralt er også nyttige.

Korleis held de motivasjonen oppe så lenge?
Me er mange! Det er motiverande, seier Silje. Me på Sandsli valt å ha mange på streikevakt når det ikkje pågår andre streikeaktivitetar. Det er viktig å vere saman så mykje og så mange som mogleg. Å gjere noko i lag er også motiverande. Me blir godt kjende og dette er spesielt fint for nye lærarar.

Kva er spesielt utfordrande?
Det at me ikkje får vere med elevane, svarar både Silje og Truls Erik. Det at me er «på» heile tida er slitsamt i lengda. Det er mange som tar kontakt. Det kan vere tungt å motivere seg sjølv og andre når ein kanskje ikkje har så store forventningar til resultatet av streiken.

Streikande lærar med plakat. Foto: Turid Strømmen.