Trakassert på jobb - kva gjer eg?

#Metoo

Det er viktig å seie ifrå til nokon som kan gjere noko med problemet.

Om du opplever å bli trakassert på jobb, er det første du bør gjere å seie klart frå til den du opplever å bli trakassert av.

Om det er vanskeleg å ta dette opp med den det gjeld, kan du snakke med tillitsvald, verneombod eller ein kollega, så kan dei hjelpe deg med samtalen. Dersom det er leiaren din som trakasserer er det kanskje spesielt vanskeleg å seie ifrå. Men husk at det ikkje er lov å trakassere nokon, uansett kva stilling eller posisjon ein har. Derfor er det viktig at vi seier ifrå om seksuell trakassering.

Om du lurer på kvar det står at det ikkje er lov å trakassere kan du lese artikkelen «Kva er trakassering», der står det om dei lovene som omhandlar dette.

I arbeidsmiljølova (§ 2-3)står det og at «Arbeidstaker skal sørge for at arbeidsgiver eller verneombudet blir underrettet så snart arbeidstaker blir kjent med at det forekommer trakassering eller diskriminering på arbeidsplassen,». Det betyr at alle på ein arbeidsplass har plikt til å seie ifrå når det skjer trakassering.

Viktig å seie ifrå til nokon som kan gjere noko

Dersom du tar dette opp med den som trakasserer og seier tydleg i frå at du ikkje ønsker slik merksemd, men trakasseringa fortset, må du vurdere å varsle om trakasseringa. Det er viktig å seie ifrå til nokon som kan gjere noko med problemet og det er oftast din næraste leiar. Dersom det er denne personen som utfører dei trakasserande handlingane må du varsle til leiaren over din leiar. Om nødvendig kan du melde forholdet til politiet. Husk igjen at tillitsvald og verneombod kan vere gode støttespelarar for deg når du skal seie ifrå. 

Det er ingen krav til forma på varselet, men det er lurt å levere eit skriftleg varsel om du har moglegheit til det. Det kan vere greitt å snakke med eventuelle vitne, slik at det er fleire som har sett kva som har skjedd og kan beskrive det.

Varslinga skal skje på ein forsvarleg vis. Det kan skje på følgjande måte:

  • til næraste leiar
  • til tillitsvalde
  • til verneombod
  • til medlemmar av arbeidsmiljøutvalet
  • til bedriftshelsetenesta
  • til tilsyn og kontrollorgan som Arbeidstilsynet, kommunens kontrollutval, fylkesmannen og politiet.

Den som tek imot varselet, pliktar å handsame det på ordentleg vis. 

Den som tek imot varselet, pliktar å handsame det på ordentleg vis. Du som varslar skal få tilbakemelding om at varselet er behandla på ein skikkeleg måte, og i tillegg få info om utfallet av saka.

Dersom det ikkje skjer noko etter at du har varsla, bør du kontakte tillitsvald eller verneombod slik at dei kan etterspørje handling frå dei ansvarlege.