Samarbeid heim – skule

Skulen og lærarane er gjennom formålsparagrafen i opplæringslova (§1-1) forplikta til samarbeid: Opplæringa i skole og lærebedrift skal, i samarbeid og forståing med heimen, opne dører mot verda og framtida og gi elevane og lærlingane historisk og kulturell innsikt og forankring.

Foreldresamarbeid er også nedfelt i forskrift til opplæringslova, kapittel 20. Skulen skal i starten av kvart skuleår halde eit foreldremøte der foreldre vert informert om blant anna innhaldet i opplæringa. Foreldre har også rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren minst to gonger i året, om korleis eleven arbeider dagleg, og om eleven sin kompetanse i fag. I tillegg skal kontaktlærar samtale med foreldre om utviklinga til eleven i lys av formålsparagrafen i opplæringslova.

I overordna del står det at dialogen mellom skule og heim må vere basert på gjensidig respekt.

Skulane har lang tradisjon med foreldresamarbeid gjennom rådsorgana. Skulane har også lang tradisjon med samla foreldremøte, klasseforeldremøte og samtalar om einskildelevar. Men det er ulik praksis på skulane når det gjeld i kva grad og på kva område foreldre/føresette blir involvert.

Til diskusjon

  1. Kva haldningar har vi til foreldresamarbeid ved vår skule? Korleis tolkar vi formålsparagrafen om at opplæringa skal skje i samarbeid og forståing med heimen?
  2. I kva grad involverer vi foreldre/føresette, og på kva område?
  3. Korleis formidlar vi at foreldre/føresette er ein viktig ressurs for skulen? Opplever dei at vi har eit reelt samarbeid?
  4. Er det område innanfor samarbeid der involvering av foreldre/føresette kan kome i konflikt med skulen og lærarane sitt behov for fagleg autonomi? Korleis handterer vi i så fall dette?