Utdanningsforbundets vidareutdanningsfond

Lærer snakker med elev i ungdomsskolen

Midlane i Vidareutdanningsfondet skal nyttast til stipend til vidareutdanning for medlemer. Du kan få inntil 20 000 kr i stønad til vidareutdanninga di.

Søknadsfristen var 1. mai 2019. 

Stipend kan tildelast medlemer etter desse retningslinjene:

  1. Søkjaren må ha vore medlem i Utdanningsforbundet i minst 3 år.
  2. Vidareutdanninga må tilsvare minst 60 studiepoeng (stp).
  3. Stipend kan utgjere inntil 10 000 kr for 60 stp. og 20 000 for 120 stp.
  4. Vidareutdanning må vere starta før søknadsfristen går ut.
  5. For vidareutdanning som er avslutta meir enn 6 månader før søknadsfristen går ut, kan det ikkje søkjast stipend.
  6. Tildelt stipend blir utbetalt etter avslutta og dokumentert gjennomført vidareutdanning.
  7. Søkjarar som tidlegare har fått stipend frå Utdanningsforbundet, blir ikkje prioriterte før etter fem år.
  8. For at søknaden skal handsamast, må han innehalde namn og nummer på studiet som blir gjennomført, i tillegg til namn på studiestaden.

Praktisk informasjon

Søknad om stipend skal sendast inn på elektronisk søknadsskjema. Det er ikkje mogeleg å sende inn søknad på papir eller e-post.

Hugs at alle felta i søknaden må vere fylt ut for at søknaden skal bli godkjent og registrert.

Får du problem med søknaden eller har spørsmål om han, kan du ta kontakt med Utdanningsforbundet ved Per Sætre.

Telefon: 911 07 676
E-post: per.satre@utdanningsforbundet.no