Oslo Lærerinnelags fond

Kvinnelig lærer
Kvinnelege lærarar i grunnskulen som tar vidareutdanning på minst 60 studiepoeng kan søkje stipend frå Oslo Lærerinnelags fond.

Kvinner i grunnskulen frå heile Noreg kan få støtte til vidareutdanning og pedagogisk forsking relatert til grunnskulen.

Oslo Lærerinnelags Fond kunngjer kvart år stipend til vidareutdanning.

Søknadsfrist var 1. mai 2019.

Kven kan søkje?

Kvinnelege lærarar tilsette i grunnskulen i Noreg med gjennomført og godkjent lærarutdanning kan søkje om stipend til vidareutdanning og forsking. Forskinga må vere innanfor det pedagogiske området og vere relatert til grunnskulen.

Vidareutdanninga må tilsvare studium med minst 60 studiepoeng, og studiet må vere innretta mot grunnskulen eller vere undervisningsfag etter læreplanane for grunnskulen.

Søkjarar som tidlegare har fått stipend frå Utdanningsforbundet, vil ikkje bli vurderte for nytt stipend før tre år etter tidlegare tildeling. Søkjarane må ha vore medlem er i Utdanningsforbundet dei siste tre åra.

Kva for søknader blir prioriterte?

Søknader som gjeld utdanning og forsking innanfor områda likestilling og kjønn og kjønnsperspektivet i pedagogikken, vil bli høgt prioriterte. Det same gjeld for doktorgradsstudium.

Før utgangen av den årlege søknadsfristen, som er 1. mai, må ein ha byrja på vidareutdanninga, og forskinga må ha starta opp, eller oppstart må vere planlagd. Utbetaling av stipend til masterstudium og forsking kan fordelast over fleire år.

Meir informasjon

Saman med søknaden må det sendast inn detaljerte opplysingar om kva for studium som skal gjennomførast, studienamn og studienummer. I tillegg skal det leggjast ved informasjon om studiestad eller forskingsinstitusjon.

Søkjarar skal elles etter vedtektene for fondet bli prioriterte i denne rekkjefølgja:

  1. Medlem av Oslo Lærerinnelag, i samsvar med medlemsliste.
  2. Doktorgradsstudium for medlemer tilsette i grunnskulen i Oslo.
  3. Minst 120 studiepoeng for medlemer tilsette i grunnskulen i Oslo.
  4. Doktorgradsstudium for medlemer tilsette i grunnskulen elles i landet.
  5. Minst 120 studiepoeng for medlemer tilsette i grunnskulen elles i landet.
  6. Minst 60 studiepoeng for medlemer tilsette i grunnskulen i Oslo.
  7. Minst 60 studiepoeng for medlemer tilsette i grunnskulen elles i landet.

For at søknaden skal handsamast, må han innehalde detaljerte opplysingar om kva for studium som skal gjennomførast, studienamn og studienummer. I tillegg skal det leggjast ved informasjon om studiestad eller forskingsinstitusjon.

Praktisk informasjon

Søknad om stipend skal sendast inn på elektronisk søknadsskjema. Det er ikkje mogeleg å sende inn søknad på papir eller e-post.

Hugs at alle felta i søknaden må vere fylt ut for at søknaden skal bli godkjent og registrert.

Får du problem med søknaden eller har spørsmål om han, kan du ta kontakt med Utdanningsforbundet ved Per Sætre.

Telefon: 911 07 676
E-post: per.satre@utdanningsforbundet.no