Skolefrontens fond

Lærer med elev
Stipend fra Skolefrontens fond kan gis til følgende tiltak som fremmer fondets formål.

Stipendet skal nyttes til pedagogiske tiltak som fremmer demokratiske holdninger og verdier som toleranse, menneskeverd, selvstendighet og solidaritet.

Utlysning legges ut hvert år i januar måned og vil også komme i bladet Utdanning. Den årlige søknadsfristen hvert år er 1. mars.

Stipend kan gis til følgende tiltak som fremmer fondets formål:

  • Pedagogisk forsøks- og utviklingsarbeid.
  • Pedagogisk og faglig utviklingsarbeid knyttet til konkrete prosjekter. 
  • Kurs og studiereiser som har direkte tilknytning til pedagogisk eller faglig utviklingsarbeid.

Forutsetninger:

  • Tiltaket det søkes midler til, må være del av et konkret FOU-arbeid eller prosjekt.
  • Søknad om stipend skal skrives på eget skjema.
  • Stipend gis ikke
    - som ledd i kompetansegivende utdanning
    - til deltaking i ordinær etterutdanning
    - til arrangement i regi av et fagforbund.
  • Stipend gis fortrinnsvis til medlemmer av Utdanningsforbundet.
  • Rapport må innsendes før stipendet utbetales og før utgangen av tildelingsåret.
  • Søkere kan vanligvis tildeles stipend bare en gang.

Slik søker du

Søknad om stipend sendes inn på eget søknadsskjema som legges ut sammen med den årlige utlysningen. søknadsskjema vil du finne her når utlysningen er lagt ut.

Søknaden sendes inn til Utdanningsforbundet ved Per Sætre på post eller e-post: per.satre@utdanningsforbundet.no

Husk at alle feltene i søknaden må være fylt ut for at søknaden skal bli godkjent og registrert.

Får du problemer med søknaden eller har spørsmål i denne forbindelse kan du ta kontakt med Utdanningsforbundet ved Per Sætre.

Telefon: 24 14 21 20
E-post: per.satre@utdanningsforbundet.no

Skolefrontens Fonds historie

Då Hitler-Tyskland okkuperte Noreg 9. april 1940, var eit av dei viktigaste måla å gjere Noreg nazistisk slik at landet kunne innlemast i eit framtidige germansk verdsrike.

Den viktigaste strategien for å nå denne målsettinga, var å starte med den oppvaksande slekt, barna og dei unge, og dei som sto for oppdraginga av desse, lærarane.

Då Vidkun Quisling fekk makta, gjekk han og statsråd for folkeopplysing og propaganda, Gulbrand Lunde, i gang med å «omvende» den norske lærarstand. Etter at Quisling vart utnemnd til ministerpresident 1. februar 1942, fekk han lovfesta at alle lærarar skulle bli medlemer av Norges Lærersamband og etterleve dei nazistiske retningslinjene i dette.

Påbodet vart den 20. februar møtt med 10.000 protestbrev frå norske lærarar. Dette medførte at løna vart sperra og mange skolar vart stengde. 

Ein månad seinare, 20. mars 1942, gjekk tyskarane til massearrestasjon av ca. 800 lærarar etter ei tilfeldig og usystematisk utplukking. Dei arresterte vart sende til Grini eller Jørstadmoen, dei frå Trøndelag til Falstad og dei nordnorske til Tromsø eller Kirkenes.

Ultimatumet som vart stilt til lærarane, var innmelding i Lærarsambandet. Men av dei arresterte var det berre 3 som gav etter. Dei arresterte frå Sør-Noreg vart etter kvart samla på Jørstadmoen, der dei var utsett for brutal terror av ulik art. Etter ei tid vart alle innkalla individuelt til kommandanten med krav om innmelding i
Lærarsambandet.

97 prosent nekta og dei som gav etter, gjorde det mest av helsemessige årsaker. Dette medførte ei lang reise, først med tog til Trondheim, og så vidare med båt til Kirkenes under umenneskelege forhold. I Kirkenes vart dei internerte og det venta 6 månader med tvangsarbeid. Då tyskarane etter kvart innsåg at arrestasjon og deportasjon av lærarane var eit feilgrep, vart lærarane sett fri gruppevis ut over hausten 1942.

Motstanden i det norske folk hadde tydeleg blitt stålsett ved lærarane sitt eksempel, og aksjonen fekk stor merksemd ute i verda.

Alt i 1940 hadde lærarane i enkelte kommunar starta opp med å betale inn ein kontingent på 2 prosent av løna til støtte for familiane etter lærarar som hadde falle under krigen.

Etter kvart vart det oppretta eit «illegalt» kontaktnett over heile landet for å samle inn kontingent og formidle hjelp. Kontaktnettet hadde også i oppgåve å spre «illegale» aviser og parolar. 

Etter samarbeidskonflikten våren 1942, vart kontingenten som blei innbetalt, auka til 5 prosent av løna. I tillegg kom det betydelege pengestøtte frå andre, og staten gjennom den norske regjeringa i London gav 3 millionar kroner til lærarfronten og andre «illegane» organisasjonar.

Då krigen slutta, var det ein del pengar igjen i dei «illegale» lærarkassane.

Den 30. juni 1945 samlast ca. 150 av lærarfronten sine kontaktar frå alle delar av landet til landsmøte i Oslo. Der vart det vedtatt at alle midlar frå dei «illegale» lærarkassane skulle samlast til eit fond, Skolefrontens Fond.

Avkastinga av fondet skulle nyttast til:

  • Æresløn til lærarar som hadde blitt sjuke eller fått nedsett arbeidskraft p.g.a. krigen.
  • Æresløn til personar som vart forsørga av lærarar som døydde p.g.a. krigen.
  • Støtte til utdanning til personar etter punkta ovanfor.

Etter kvart som tida gjekk, vart det av naturlege grunnar færre og færre som mottok æresløn. Styret i Skolefrontens Fond vedtok av den grunn i 1982, at ein del av avkastinga kunne nyttast til stipend til utviklingsarbeid som var i tråd med formålet til fondet.

I 2002 vedtok styret å etablere ein pris, Skolefrontens solidaritetspris, som delar av avkastinga skulle kunne nyttast til. Prisen kan tildelast personar, institusjonar eller organisasjonar som gjennom arbeid med konkrete prosjekt i skolen, eller med barn og ungdom bidrar til å fremme nasjonal og internasjonal forståing og solidaritet, og motverkar utvikling og utbreiing av diskriminerande og rasistiske haldningar.