Dauve politikarøyre skapar skular og barnehagar i krise

Omsynet til barn, elevar og unge kom som krav om vaksineprioriteringar. Det valde styresmakta å ikkje lytte til. Dauve øyre i møte med lærarprofesjonen har blitt ei politisk arvesynd. Resultata er ein fortvila situasjon i skular og barnehagar.

Eit rettkomme sinne

Det er ein fortvila situasjon vi i dag kan sjå i skular og barnehagar. Rapportane frå avdelingar og klasserom kjem med sinne, smerte og frustrasjon. Det er liten tvil om at tilsette i skular og barnehagar er blant dei mest utsette for smitte i samfunnet. Vi er ikkje aleine i fortvilinga. Tilsette i helsetenestene er i lag med oss, og saman har vi strekt strikken så langt vi kan. Det er rett og rimeleg i denne samanhengen å nemne andre tilsette i fyrstelinja, til dømes dei som står for reinhald, detaljhandel og transport. Til skilnad frå mange av desse andre yrka, har lærarar verken pleksiglas, hanskar eller anna verneutstyr til bruk når jobben skal bli gjort. Munnbind er heller inga sjølvfølgje. Sjølv om det ikkje er lovleg heimel for å nekte lærarar å bruke munnbind på jobb, møter vi framleis arbeidsgjevarar som ikkje ynskjer slik bruk i møte med elevar og barn. Lærarar, barnehagelærar, leiare og andre tilsette i skular og barnehagar står trufaste på post utan eit vern andre tek som ei sjølvfølgje. Omsynet til elevar, barn og unge har lærarane fått inn med den profesjonelle morsmjølka. Difor er drivkrafta sterk for å halde fram. Uroa i sektoren er eit rettkomme sinne og frustrasjon. Vi kunna ha gjort meir tidlegare. Kvifor set styresmakta omsynet til elevane og barna på vent?

Omsynet til barn og unge kom som vaksinekrav

Omsynet til barn, elevar og unge kom som krav om vaksineprioriteringar. UNESCO og lærarorganisasjonane var tidleg ute. I desember 2020 kom UNESCO og den internasjonale lærarorganisasjonen Education International med ei klar melding om å prioritere lærarar i vaksinekøane. Prosessen hadde starta allereie mars 2020. Vern om helsa og tryggleiken til dei tilsette i skular og barnehagar er ein føresetnad for ivaretakinga av barn og unge gjennom pandemihandteringa. Slik var det i starten, og slik er det no. Grunngjevinga for å prioritere vaksinering av lærarar var behovet for å halde skular og barnehagar opne. Særleg dei tilsette i barnehage og småskule måtte bli prioritert. Dei eldre elevane kan klare seg litt betre med heimeskule. Samanhengen mellom opne skular og barnehagar og vaksineprioritering var klar. Dei landa som ville prioritere omsynet til elevar, barn og unge måtte prioritere å raskt vaksinere dei tilsette i skular og barnehagar.

Utdanningsforbundet som er godt representert i dei internasjonale lærarorganisasjonane, var tidleg ute med vaksinekrav her heime. Det var ikkje lett å nå fram. Politikarane møtte oss med dauve øyre. Omsynet til barn og unge var ikkje tilstrekkeleg grunn til vaksineprioriteringar ifølgje styresmakta. Da lærarane endeleg fekk sin plass i køen, var det allereie for seint å snakke om prioritering. Etterverknadene av denne tregleiken er framleis eit problem. Vi sa ifrå, men dei lytta ikkje.

Den manglande norske prioriteringa kjem fram i internasjonale undersøkingar og oversikter. Den europeiske lærarorganisasjonen ETUCE presenterte resultata frå ei undersøking i mars 2021 (New study on vaccination of teachers by ETUCE - European Trade Union Committee for Education (csee-etuce.org) Mange europeiske land har prioritert lærarar i skular og barnehagar. Noreg var ikkje blant desse landa. Etterverknaden av manglande prioriteringar er eit problem i dag. Ein kan ikkje ta tredje dose vaksine for tett etter den andre. Difor må lærarar og barnehagelærarar mange plassar vente med si boosterdose. Mange blir tvinga inn i ein jobbrelatert karanteneloop. Om vi ser til UNESCO si nettside og oversikta deira over prioriteringar og progresjon av lærarvaksineringar, er Noreg hamna i kategori «lærarar ikkje prioritert» (https://en.unesco.org/covid19/educationresponse/teacher-vaccination). Vi er ikkje blant dei 72 prosentane av verdas land som no har putta lærarar inn i prioriteringsgrupper. Vi er framleis for trege. Vi kom for seint i gong. Kvifor prioriterte ikkje styresmakta annleis?

Dei som ikkje lytta ber ansvaret

Kostnaden med å stå utanfor prioriteringane kan vi no sjå i norske skule- og barnehagefellesskap. Både dei tilsette, elevar og barn må bere børa politikarane valde å risikere for dei. Difor er det heilt rett at vi no må bry oss. Vi må bry oss om alle dei barna og unge som opplever smittebølgje etter smittebølgje. Vi må bry oss om følgjene av isolasjon, stenging og kvardagar der uvisse er blitt normalen. Vi må bry oss om dei som no seier at dei har nok. Dei som verkeleg opplever situasjonen på eigen kropp. Dei som til dagleg er i skular og barnehagar. Blant dei finn vi òg dei tilsette. Det er urimeleg å ikkje sjå denne situasjonen i samanheng med manglande prioriteringar i vaksinekøen. Skular og barnehagar er fellesskap der vern mot smitte er vanskeleg. Vaksineringa som skulle halde skular og barnehagar opne vart ikkje prioritert i Noreg. Konsekvensane må vi møte saman. Det gjer vi ikkje no. Vi treng betre forståing for at både vaksinering og testkapasitet fyrst må på plass.

Vi er ikkje der no at vaksineringa har komme langt nok. Nyåret baud ikkje på nok heimetestar i alle lærarheimane. Testsentra har ikkje kapasitet. Julegåva var fritidskarantene. Det er sant at det er vanskeleg for alle no. Du kan gå på jobb, men du må halde deg i karantene på fritida. Om du er einsleg og bur aleine er det verre. Har du i tillegg over lang tid vore blant dei mest karanteneutsette i samfunnet, er det utåleleg. Alt tyder på at dette kan strekkje ut i tid. «Hald ut berre litt til» har vore mantra i snart to år. Dauve øyre og ei forverra arbeidsbyrde er takka lærarane får. Noreg liker å skryte av vaksineprestasjonar, men sanninga er at når det gjeld vaksinering for omsynet til skular og barnehagar, er vi blant dei dårlegaste i vaksineklassen. Difor er det urimeleg at tiltaka som no skal verne om helsa i skular og barnehagar, vert omsett til inngrep i fritida. Ansvaret ligg ikkje på oss som sa ifrå. Ansvaret ligg på dei som valde å ikkje lytte.

Innlegget vart publisert på Utdanningsnytt.no 10. januar 22