Utdanningsforbundet støttar streiken ved Røde Kors Haugland

På vegne av medlemmane i Utdanningsforbundet ved Røde Kors Haugland ønskjer vi å gi vår støtte til dei streikande.

Kravet om kollektiv pensjonsordning med kjønnsnøytrale og livsvarige pensjonsytingar er eit rettferdig krav som arbeidsgjevar bør innfri straks. Fagforbundet står i ein viktig arbeidskamp når verksemda no ønskjer å endre eksisterande ordning. Viss det vert opna opp for forhandlingar om pensjon er Utdanningsforbundet klare til å setje seg ned ved forhandlingsbordet med same krav.

Steinar Strømsli
Fylkesleiar
Utdanningsforbundet Vestland